– Vi må sørgje for at unge menneske tør å stå i debattane
Kulturministeren vil at fleire skal ytre seg i polarisert offentlegheit.
Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) fryktar at offentlegheita har vorte meir polarisert berre to år etter Ytringsfridomskommisjonens rapport.
No snikrar regjeringa ein plan for å få fleire til å ytre seg, skriv Klassekampen.
– Vi vil no kvittere ut arbeidet Ytringsfridomskommisjonen la fram. Vi må sørgje for at alle får lov til å vere ein del av den offentlege samtalen, uavhengig av kva ein meiner, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap) til Klassekampen.
Når Arendalsveka går av stabelen neste veke, lanserer kulturministeren arbeidet med ein nasjonal strategi for ein open og opplyst offentleg samtale.
Strategien vil presenterast i 2025 og blir eit overordna dokument Jaffery håpar vil stå seg over tid.
Jaffery seier ho vil leggje til rette for eit velfungerande ytringsrom, ein god ytringskultur og det ho kallar ytringsberedskap.
– Dei konforme og vanlege synspunkta er ofte velkomne i debattar. Når du får meiningar som er på ytterpunkta, kan dei opplevast vanskelege for oss som liker å vere ein stad på midten. Det er problematisk, meiner kulturministeren.
Ho skryt av både skuleverket og dei redaktørstyrte media, som ho meiner gjer ein utmerkt jobb.
– Vi må finne gode måtar for å sørgje for at unge menneske tør å stå i debattane. Derfor er ytringsberedskapen viktig, altså at det er lett å finne sann informasjon, meiner Jaffery.