Framtida
Publisert
Oppdatert 24.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om eg ikkje sjølv spring, kan eg i det minste nyta at andre gjer det! 2006 er ikkje noko veldig godt år for oss som er meir interessert i verda enn i sport. Friidretts-VM er ikkje før i 2007, sommar-OL kjem først i 2008. Til trøyst kan me sjå på Golden League-stemne og europameisterskapen i sommar, men det blir for mykje av sport og for lite av verda.

Det er nemleg to veldig gode grunnar til å sjå på friidrett: Vintersport betyr dyrt utstyr, dyre anlegg og bleike skandinaviske kroppar pakka inn i glorete drakter. Men i friidrett handlar det om menneskekroppen. Utan stort anna utstyr enn klede gjer folk det mennesket har gjort så lenge me har eksistert: dei spring og hoppar og sym. Reine anatomitimen er det òg å sjå koss kroppen til ein god langdistanseløpar ser heilt annleis ut enn kroppen til ein god sprintar.

Og me som likar å sjå på 100 meter sprint for menn, kan gjerne tipsa dei som bestemmer kva strandvolleyballjentene skal ha på seg: tettsittande drakter er mykje meir sexy enn små bikinibukser! Kva kroppen kan og gjer, er altså viktig for å gjera friidretten spennande. Men den andre, og for meg mest like viktige grunnen til å bruka fine sommarkveldar framfor fjernsynet, er at den internasjonale friidretten gir oss sjansen til å oppleva kor stor verda er på ein meir positiv måte enn krigsreportasjar i nyheitsmedia. Når elles ser me folk frå Afrika på fjernsyn, folk som ikkje døyr av svolt i ein flyktningleir, men som er flotte og sigerrike og imponerande? Og for usaianarane må det vera bra å sjå at deira unge, svarte menn er hovudpersonar andre stader enn i nyheitssendingane og kriminalreportasjane.

Når verda samlar seg rundt dei store internasjonale meisterskapane, er det time-out for fordommane våre. Afrika og Asia viser kva dei kan, og når det gamle Europa tar medaljar, ser me at dei hentar kraft og styrke frå etterkomarar av dei tidlegare kolonistatane sine. Dei rike, kvite landa må bita i graset, heltane er frå Kenya og Etiopia og Kina og Bahamas, sjølv om dei av og til representerer USA, Frankrike og Storbritannia.

Dessutan har sommaridrett alltid dette overraskingsmomentet som me kryssar fingane for: kanskje kan Botswana mot alle odds slå USA i 4×400 meter stafett for menn! Eller ein frå St Pitts and Nevis kan vinna 100 meter sprint for menn, slik Kim Collins gjorde det under VM i 2003. Visst blir OL leia av korrupte, gamle menn, og visst er toppidrett dopingindustrien sin største marknad. Men ikkje ein gong dét kan øydelegga den gode ideen med å samla verda til fredeleg kappestrid og glede over kva mennesket kan yta! Av 75 nasjonar som tok medalje i sommar-OL 2004 kom fattige Cuba på ellevteplass, fem plassar før det rike mødrelandet vårt. Gir ikkje dette òg eit anna bilde av verda enn det me får i norske media til dagleg?

For oss som bur i Tromsø, ein by som heller vil bruka pengar på å søka om vinter-OL enn å ha gatelysa tende om natta, er det berre å resignera og venta på neste gang sola skin over friidretten. I mellomtida trur eg jammen eg skal ta på meg småsko og gå ut ein tur …