Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kan eg heldigvis ikkje få inn TV3, så eg får ikkje med meg dette viktige bidraget til vår vestlege kultur. Og når eg tenker tilbake på dei uendeleg lange timane i barndommen der eg sat på ein stol utanfor eit prøverom og venta på at mor mi skulle bli ferdig i butikken, tvilar eg nok òg litt på underhaldningsverdien i programideen.

Kjedeleg eller ikkje, Shopaholic er eit umoralsk program, etter mi meining. Like umoralsk som å sjå på folk som kappast om kven som kan eta mest, når ein veit at folk døyr av for lite mat. Kva er det jorda treng no? Rettferdig fordeling av mat og ressursar eller at det mindretalet av oss som er rike, kvite og feite trenar oss opp til å bruka endå meir av overskotet i verda? Ein skulle tru at svaret på dette var opplagt, men altså ikkje for TV3.

Heldigvis er det etterkvart mange som ikkje tenker som TV3. Ei undersøking som blei referert på nyheitene for ei stund sidan, viser at mange av oss tenker etisk og miljømessig når me handlar. Me boikottar varer frå land me ikkje likar politikken til, og varer frå produsentar som sparkar fagorganiserte, øydelegg miljøet eller bruker barnearbeidarar. Me velgjer kaffien og jusen frå Max Havelaar der me har eit val, sidan dei betalar meir anstendig til dei som faktisk lagar varene. Me handlar økologisk og kortreist mat. Me veit at den som tar fram pengeboka i butikken har makt, og den makta vil me bruka så viseleg me kan. På den måten kan me kanskje dempa nokre av skadane som det høge forbruket vårt gjer rundt i verda. Framleis er me nok i mindretal, ikkje minst fordi reklamen og livsstilsmagasina stadig fortel oss at lukka er å forbruka så mykje som råd. Likevel har eg tru på at det blir fleire og fleire som ser det umoralske og urettvise i at så få skal bruka så mykje.

Det finst også gode tips og løysingar å få tak i, til dømes gjennom internettet. Etisk forbruk er ei side der me kan få veta meir om dei produkta me kjøper.
Grønn hverdag har mange interessante løysingar for oss som gjerne vil oppføra oss betre i kvardagen. Forbrukarrådet kan også by på mykje informasjon om etisk handel.

Det kan verka som om aukande alder og inntekt også gjer oss til verre forbrukarar. Dess meir me fjernar oss frå den rettferdskjensla som dei fleste ungar har, dess lettare er det å gløyma at det høge og uetiske forbruket vårt er betalt av fattigfolk andre stader i verda. Så i denne saka trur eg på ungdommen!