Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne gongen var det dagens avis som for hundrande gong fortel at kvinner må få barn tidleg i tjueåra, som fekk meg til å tvile. Det blei ikkje betre av at neste avisside var full av brudebilde med damer i uskyldskvite kjolar, tiara og brudeslør, som kikka nasegrust  beundrande på ektemennene sine. Dette, godt blanda med ei Russlandsreise  eg nyleg gjorde at eg blei sitjande å stire inn i denne skjermen og lure på om eg er på feil spor. Kanskje eg skulle skaffe meg ein kvit kjole, kontantstøtte og  munnkurv, istadenfor å vere skriftleg meiningsprodusent og forfattar? Av og til verker det som om verda meiner det er det riktigaste for kjønnet mitt.

Ein blir det ein tenkjer, er det eit slitt munnhell som seier. Ein tenkjer slik ein gjer, fordi andre også tenkjer, er min påstand. Då eg var fem år organiserte eg streik blant ungane i barnehagen. Eg meinte det var urettvist av vi måtte gå med regnbukser når det ikkje regna. Eg hadde svartsjuk sett førsteklassingane som gjekk i barnehagen året før, gå forbi frå skolen utan regntøy. I samarbeid med bestekameraten min Tor-Erik, laga eg eit tog som  gjekk rundt barnehagen og taktfast ropte: “Nei tel rægnbukse! Nei tel rægnbukse!”, mens vi haldt plakatar der eg hadde skrive: “Nei til renebokser”.

Klart det er søtt med to femåringar som arrangerer streik, men det er meir enn det: Det viser ei barnsleg tru på eigne krefter, ei tru på at ein kan påverke om ein berre seier i frå.   Utan foreldre som diskuterte andre ting enn nye gardiner eller innkjøp av ny  bil, hadde eg aldri så uanstrengt og sjølvsagt sagt høgt kva eg meinte,  streika, skrive avisinnlegg, aksjonert for lys på fotballbanen. Eg jublar høgast  når eg vinn i Trivial Pursuit eller bordtennis, seier aldri at tekstane mine er  dårlege når eg eigentleg meiner at dei er gode, og eg elskar å snakke i store  forsamlingar. Alt dette er eit resultat av at eg voks opp mens ekkoet av  syttitalet og feministkampen framleis gjalla i øra på folk, eg hadde ei mor og  ein far som sa at eg kunne få til alt i heile verda om eg ville.

Mange kvinner eg kjenner innrømmer skjemd at dei identifiserte seg med den reine, pene og skikkelege Annika, men for meg var det sjølvsagt at eg skulle vere Pippi. Eg hadde ein veslebror eg måtte forsvare, og då treng ein Pippikrefter og Pippikjeft, ikkje søndagsreine skjørt. Eg gjekk rett på, same  kva eg støtte på, og var på mange måtar eit idealprodukt likestillingstenkinga  på syttitalet. Det slo meg aldri at det skulle vere annleis, ikkje før mykje,  mykje seinare. Som vaksen kjem det oftare og oftare situasjonar der eg  tenkjer at det ikkje passar seg, at det beste er å halde munn, og det finst  sikkert nokon som veit betre.

Eg var nyleg i Russland for å undervise ungdommar frå Noreg, Sverige, Finland og Russland i skriving. Sjå føre deg følgjande: tretti ungdommar,  tjueåtte jenter, to gutar, fire forfattarar, tre kvinner ein mann, fire kvinnelege  bibliotekarar, ein kvinneleg sjef. Ein gjeng med meiningssterke, kreative og  modige folk, og, ja, mest jenter. Det tok litt tid før eg skjønte kva den  mystiske kjensla av ubehag kom av: den mannlege forfattaren blei spurt om å  halde ein ekstra time, og det før nokon av oss hadde vist kva vi var gode for,  han blei spurt om å lese eit dikt, dei to gutane blei heile tida oppmuntra til å  lese høgt og opptre, endå det var tjueåtte kanondyktige jenter tilstades, og  under avslutningsseremonien fekk til og med bussjåførane (mannlege såklart) som knapt var synlege under leirveka, presang og merksemd før nokon andre.

Eg kan godt vente på tur, det er ikkje det, og eg var glad til at det ikkje var meg som måtte halde ein ekstra undervisningstime på toppen av alt  anna, men prinsippet ergra meg grenselaust. Det interessante var at denne kjønnsskilnaden blei halde i hevd av meiningssterke, dyktige kvinner, som ikkje skjønte kva ein snakka om når ein forsiktig foreslo at det hørtest urimeleg ut at ein må servere mannen sin alle måltid, samstundes som ein er aktiv yrkeskvinne.

Vel heime slo eg meg på brystet og tenkte at det er godt at feminismen har  kome lenger enn som så i Noreg. Men det var før eg såg desse latterlege  brudebilda der kvinner som tar tunge tak i arbeidslivet, oppdrar ungar,  underviser og organiserer, står i uskuldsreine brudekjolar med barnsleg tiara  på og ser patetisk MEININGSLAUSE ut. Det verkelege sjokket fikk eg då eg  nyleg hørte korleis ein vigslar i Humanetisk Forbund foreslo at ein skulle  arrangere ein Humanetisk Bryllupsseremoni: Bruda kunne bli ført inn i  seremonirommet av far sin! Bli ført frå ein mann til ein anna, det rimar ikkje  med noko av det den moderne, norske kvinnerolla inneheld i dag. Fritt val, seier nokon, det er så fint med kvit kjole, det er så rørande med faren som fører dottera si fram. Sorry folkens, valet er ikkje fritt. Ein underlegg seg bildet  av korleis ei brur skal vere, eit bilde som er meir utdatert enn leopardbadedrakten med skjørt, som mor mi hadde på sekstitalet. Kast Annika på båten, seier no eg. Finn ein ny farge og mein endå sterkare.