Framtida
Publisert
Oppdatert 03.01.2019 23:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg kastar eit blikk i spegelen, ser håret som skulle vore vaska og grundig greidd, tenkjer naudløysing og kriseplan, hentar eit tørkle i skapet og legg det over panna, knyt det slik vi gjorde på vidaregåande, ikkje slik snobbeaktig, men slik umweltfreundlich og bewust som vi gjorde på den internasjonale skolen eg gjekk på i Wales, der vi snakka framandord og framandspråk og det gløda medvit av tørkla våre, hovuda våre, vennskapa våre.

Eg fangar mitt eige blikk i spegelen og ser eit glimt av meg sjølv som attenåring, ser alle dei andre gutane og jentene der inne i refleksjonen, mens nyheitssendinga surrar i bakgrunnen med jordskjelv, nyregjering og knivdrap; eg smiler mot spegelen og tenkjer godt på folka frå den gongen.

Regnet klistrar seg mellom augelokka der eg kastar eit blikk på dei feite overskriftene utanfor kiosken, eg kastar alltid dette blikket, men stansar aldri. Eg stansar, eg les. Norsk kvinne (29) drept i København. Eg står, eg hikstar foran den ekle forsida, for det står eit namn, eg stirer på det kvite likklede og båra som ambulansefolka løfta ut, eg ser og ser, og veit at under det klede ligg ei eg skolekjente ein gong.

Eg går med sakte subbesteg mot arbeid og tenkjer på ho som er død, ei eg kjente og likte, ikkje ei av dei næraste, men ein av desse ein har delt lunsjbord med, prata med under dalande haustblad og dulta borti og ledd med i dei trange korridorande og korte friminutta. Eg tenkte på ei som hadde tørkle på hovudet og ein rå humor som gløda, eg tenkte på alle dei ein trur ein skal sjå igjen, dei eg har delt løyndomar og klasserom med, dei som har vore med på gjere meg til meg, dei eg trudde skulle vere med meg kvardag og resten av livet.

Men så blir vi vaksne, driv på med vårt på kvar sin kant, mens vi framleis er glade i kvarandre, tenkjer godt og varmt, har masse felles, berre ulike byar, land og jobbar, det er det som skil oss, det som sameinar oss er at vi stressar på, mens vi mumlar inni oss at vi har jo framtida, det har vi, for vi skal snuble over kvarandre på ferie på ein bortgøymd stad på Balkan, eller på arbeid i Maputo eller på ein triveleg kafé i København, det er klart vi skal, vi treng ikkje nødvendigvis å planleggje møte, kanskje seinare, men ikkje no, for det er alt dette andre vi skal ha unnagjort.

Vi ser kvarandre om ei stund, skal berre gjere ferdig dette prosjektet først, og dette, og dette, og det neste, tenkjer vi, hastar vidare, gaflar framtida i oss og legg den effektivt bak oss, eg skal berre, eg skal berre, tenkjer eg og ryddar livet slik det må vere, resten skal eg ta seinare.

Så står eg då der og hikstar nedi magen over eit liv som er vekk og ei tid som er over, og alle dei møta det ikkje blei noko av. Eg angrar på at eg aldri ringte T. då eg var i Stockholm den gongen, eller skreiv til E. då eg tenkte slik på han, eller sendte eit brev til K. og spurde om det gjekk bra med kjærleiken og seglinga, besøkte Ka. i Indonesia.

Eg sitt med datamaskinen i fanget og græt og græt, mens eg skriv e-post til folk eg har kjent ein gong og framleis bryr meg om. Vi græt alle på kvar vår kant, skriv til kvarandre igjen, oppdaterer kvarandre på kjærleik, jobb, liv og død. Vi skal ikkje glømme at det er like viktig, som å tenkje ut strategiar for ei framtid som kanskje plutselig er vekk.