Catalonia nektar å gje seg
Katalanske styresmakter vil kome med ei formell sjølvstendefråsegn om den spanske regjeringa nektar å diskutere saka med dei.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den katalanske leiaren Carles Puigdemont sa i dag at det regionale parlamentet i Catalonia ville røysta over ei formell sjølvstendefråsegn frå Spania viss staten heldt fram å nekta å halda samtalar med Catalonia.
“Viss regjeringa held fram å hindra dialog og held fram med undertrykkinga, kan det katalanske parlamentet, viss det vert sett på føremålstenleg, røysta over ei formell sjølvstendefråsegn,” sa Puigdemont i eit offentleg brev(spansk) til den spanske statsministeren Marian Rajoy.

Den spanske statsministeren frå høgrepartiet PP, Mariano Rajoy. Foto: EPP/Flickr/CC-lisens.
Puigdemont gjorde brevet offentleg berre minutt før klokka 10.00, fristen han hadde vorte gjeven av den spanske statsministeren Rajoy for å gjere det klart at regionen ikkje ville kome med ei sjølvstendefråsegn frå Spania.
LES OGSÅ: Spørsmålet er – kva no?
Spania svarar laurdag
Sjølv om partiet til Rajoy ikkje har fleirtal i parlamentet åleine, har han førebels fått med seg sentrumspartiet Ciudadanos og det store sosialdemokratiske partiet PSOE på å truge med å setje i verk “artikkel 155” av grunnlova, eller trekkje attende sjølvstyret til Catalonia, om dei ikkje gjer som han seier. Den spanske regjeringa sa at dette vil gjerast på laurdag.

Jordi Cuixart, ein av dei fremste agitatorane for katalansk sjølvstende, vart arrestert av spanske styresmakter. Foto: Òmnium Cultural/Flickr/CC-lisens.
Den siste tida har den spanske staten arrestert mange som var involvert i sjølvstendeavstemninga 1.oktober, no sist to av dei viktigaste talsmennene for sjølvstenderørsla Jordi Sanchez og Jordi Cuixart. Dette har vorte kritisert av Amnesty International.
LES OGSÅ: Catalonia stemte ja til sjølvstende