Valdsamt terroråtak i Somalia

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bomba gjekk av i ein lastebil midt i ei full handlegate nær regjeringskvartalet i hovudstaden Mogadishu. Ettersom ein full tankbil var rett ved sida av lastebilen då bomba gjekk av, vart eksplosjonen svært valdsam. Det er nær umogleg å identifisere mange av offera, og fleire er gravlagde utan å vere identifisert. Over 300 er daude og minst 300 skadde, melder Hiiran.com.

Abdirahman Omar Osman, informasjonsministeren i Somalia, er sjokkert over terroråtaket.
Foto: AMISOM/Public Domain.

– Det er ein trist dag. Dette er kor nådelause og brutale dei er, og vi må stå saman mot dei, sa informasjonsministeren Abdirahman Osman. Han kalla angrepa “barbariske” and sa fleire land, først og fremst Tyrkia, Kenya, Djibouti og Etiopia, hadde tilbode medisinsk hjelp. Tyrkia har henta meir enn 50 skadde med luftambulanse til sjukehus i landet.

President Mohamed Abdullahi Mohamed gjorde det klart at landet tek tre dagar med offisiell landesorg.

Al-Shabab, ein terrororganisasjon tidlegare nært knytta til al-Qaida, er mistenkt for å stå bak.

Kjelder: The Guardian, al-Jazeera.