– Al-Shabaab rettferdiggjer handlingane sine med religion

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristne og muslimar mot Al-Shabaab

– Det Al-Shabaab vil ha er merksemd. Og det får dei. Det dei vil er å skapa frykt, og det lukkast dei med, seier seier studenten Mwanaisha Ngare.

Den kenyanske 21-åringen er i Noreg gjennom utvekslingsprogrammet Right to Participate, arrangert av Landsrådet for ungdomsorganisasjonar (LNU) og Youth Alive! Kenya.

Religiøs strid
Det har vore stille ei tid, men førre veke kom eit nytt Al-Shabaab-angrep i Mandare-provinsen nordaust i Kenya. Ifølgje BBC vart seks kristne drepe i eit angrep som tek sikte på å få kristne ut av den muslimske provinsen nær grensa til Somalia. Kristne i Kenya er eit uttalt mål for terrorgruppa.

Den kenyanske politikaren Abdikadir Mohammed uttala i 2014 at Al-Shabaab ynskjer å skapa religiøs konflikt mellom muslimar og ikkje-muslimar.

Dei to jentene er einige i dette og meiner dei til ei viss grad lukkast.

– Al-Shabaab rettferdiggjer handlingane sine med religion og korleis dei tolkar den heilage boka. Dei som rekrutterer den heilage boka, men me muslimar veit at profeten sjølv ikkje oppmoda til vald, seier Mwangisha.

Sjølv om ho ikkje bur i dei råka områda merkar Laura Matalaka dei religiøse splittingane i heimbyen Eldoret.

– Me er veldig bestemt på å ikkje la det påverka oss, og leva i fred med kvarandre. Det er viktig å veta at ikkje alle muslimar er med i slike ekstreme grupper, understrekar 22-åringen, som er engasjert i North Rift Theatre Ambassadors.

LES OGSÅ: Dette betyr eigentleg jihad

Frykt for folkemengder
Mwangisha fortel at folk i Kenya fryktar terror angrep i så stor grad at det hemmar dagleglivet.

– Folk i Kenya unngår alltid plassar med store folkemengder. Du unngår bygg med regjeringskontor, fordi der er det mange folk og dei vil drepa folk i regjeringa eller nær regjeringa, forklarar Mwangisha.

I tillegg er det mange som unngår store kristne eller muslimske forsamlingar, i frykt for terror.

For folk i Kenya har store terrorangrep nesten vorte daglegdags. I 2015 vart over 147 personar drepne då terroristar storma universitetet i Garissa med våpen og bombevestar.

Før det fekk tragedien der Al-Shabaab i 2013 drepte 67 menneskjer på eit kjøpesenter i Nairobi, mykje internasjonal merksemd.Ein av gjerningsmennene var ifølgje FBI norsk-somaliske Hassan Abdi Dhuhulow.

– Verda burde følgja meir med på Al-Shabaab. Ein dag angriper dei kanskje ein plass i Europa eller ein stad i Amerika. Dette er ei global trend. Det er ikkje berre IS, seier Laura Matalaka, som til vanleg studerer journalistikk og kommunikasjon.

LES OGSÅ: Desse terrorangrepa kosta flest liv i 2015

Stengjer verdas største flyktningleir
Til internasjonale protestar har kenyanske myndigheiter i år bestemt seg for å stengja verdas største flyktningleir – Dabaab – som ligg i Garissa-provinsen, i søraust nær grensa mot Somalia.

Kenyas innanriksminister Joseph Nkaisserry medgjev at situasjonen vil ha negativ påverknad på flyktningane, men forklarte i sommar avgjersla med omsyn til nasjonal tryggleik.   

Al-Shabaab har sitt hovudsete i nabolandet Somalia og seier at terrorverksemda i Kenya har samband med landet si militære innblanding. På grunn av dette skulle Laura og Mwanaisha helst sett at kenyanske myndigheiter fokuserte på å styrka eigne grenser.

Misnøye med myndigheitene, diskriminering basert på kvar i landet du kjem frå, korrupsjon og høg arbeidsløyse vert peika på som andre grunnar til at unge i Kenya vert radikalisert og rekruttert til terrorgruppa Al-Shabaab.

Right to Participate LNU
Laura Matalaka (t.v) og Mwanaisha Ngare har vore to månadar i Noreg, no skal dei ta med Martine Jahre og Ane Standal Thorsen til Kenya.

Arbeidsløyse
Ei av hovudutfordringane er den høge arbeidsløysa blant unge.

Kvart år kjem kring 800 000 unge kenyanarar ut på arbeidsmarknaden. Arbeidsløysa blant unge er på kring 35 prosent. I den samla befolkinga er arbeidsløysa på 10 prosent. Heile 80 prosent av dei arbeidslause i Kenya er under 35 år. (Tala er henta frå det private initiativet Business Call to Action.)

Myndigheitene støttar tiltak mot terrorrekruttering, men Laura meiner ein ikkje kan forventa at dei skal løyse alle problema knytt til jobbskaping.

– Myndigheitene må engasjera seg og lytta til ungdommen, fordi me er framtida. Men det er opp til ungdommen å koma saman og jobba saman med utfordringar i samfunnet. Ein må ikkje venta på myndigheitene, fordi forandringa byrjar med oss, seier Laura, og legg til:

– Ein må få alle til å føla seg inkludert.

Angrep på norsk jord
Mwangisha meiner at dei som sluttar seg til terrorgrupper ofte manglar informasjon og difor let seg overtyda.

– Ungdomsorganisasjonar myndiggjer unge gjennom kunnskap og fortel dei korleis dei kan sloss for sine rettar på ein positiv måte, framfor ekstremisme og terrorisme. Ein lærer dei kven frustrasjonen bør gå ut over. Er det regjeringa må ein sloss mot regjeringa på riktig måte slik at dei høyrer på deg.

Martine Jahre frå SAIH (Studentenes og Akademikernes Hjelpefond) er ein av dei norske deltakarane i utvekslingsprosjektet.

– Me har lært at det er mange av dei same mekanismane som fører til radikalisering. Det handlar om mangel på informasjon, uvitenheit og bilete som du ser, som ikkje er heile verkelegheita. Det kan vera frustrerande nok å vera ungdom, om ein ikkje i tillegg blir diskriminert og sett på som ein potensiell terrorist, seier Martine.  

Ho meiner det er ironisk at all fokus er på ekstrem islam, med tanke på at det eine store terrorangrepet på norsk jord vart utført av ein høgreekstremist.

– Eg trur ikkje me har sett nok på kvifor det hendte og korleis me kan hindra at det skjer igjen, seier Jahre, som peikar på at ekstreme ytterpunkt gjev næring til kvarandre.


Right to Participate LNU
Martine Jahre i SAIH og Mwanaisha Ngare lærerkorleis ungdom sjølv kan hindra radikalisering i  Right to Participate, som i år vert arrangert for aller fyrste gong.

Faktaboks

Al-Shabaab vart formelt stifta i 2006, men kan sporast tilbake til undergrupper i Al-ittihad al-Islamiya, ein islamistisk organisasjon stifta i 1983

Òg kalla Harakat al-Shabaab er ei radikal islamistisk rørsle som har svergja truskap til al-Qaida

Gruppa opererer hovudsakleg i Somalia, men òg Kenya, Tanzania og Etiopia

For å få bukt med terroren har myndigheitene stoppa pengetransaksjonar mellom Somalia og Kenya

Det norske Utanriksdepartementetrår folk frå å reisa innan 60 kilometer frå grensa til Somalia, inkludert Garissa-området.

Tamu-provinsen og dei nordlege delane av Tana River-fylket, som ligg i dei nordlege kystområda er heller ikkje anbefalt

Onsdag 12. oktober arrangerte LNU «Ekstremt engasjert – konferanse om ungdom og radikalisering»,

Kjelde: UD, SNL