«For livet er berre godt for dei som er rike»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar ved Odda ungdomsskole har laga dikt med med utgangspunkt i kaptal.

Sofie Digranes Cabrera i 10.klasse har laga diktet:

Ungar svelt, eldre frys.
Ungdommar harkar og nys.
Hus fell saman, folk døyr,
dei har ikkje vatn i røyr.
Vi har det for bra med komfort uten like.
For livet er berre godt for dei som er rike

Sofie ville laga noko på rim, det hadde ho ikkje gjort før.

– Det vert fort fokus på rikdom og status, eg ville fokusere på den andre sida. Få fram kontrastane. Fattigdom. Vi har det bra medan dei kan slita, seier ho.
Diktet er omsett til engelsk av skulen i USA.

June Kleppe i 10.klasse har laga dette diktet:

To jenter.
Hun ene ville ha
En ny Iphone 10.
Hun andre var bare blid. To jenter. Begge løper
Hun ene fordi skolen er slutt.
Hun andre for å ikke bli skutt.
To jenter.
Begge like gamle.

– Eg hadde mange av dei same tankane som Sofie. Eg tenkte på fattigdom. Eg trakk det etter at me hadde klipt orda frå tankekartet. Eg fann inspirasjon frå tekstane i fjor, avsluttar June Kleppe