Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasar mot kulturkutt til barn og unge

– Me forstår at regjeringa har lagt opp til eit stramt budsjett, men dette er småleg, seier leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Rode Hegstad.

Rode Hegstad er styreleiar i LNU. Foto: LNU

Ho reagerer kraftig på at regjeringa kuttar heile støtteordninga til kulturtiltak i barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU Kultur, i forslaget til statsbudsjett.

LNU representerer 96 barne- og ungdomsorganisasjonar over heile landet, og gjennom LNU Kultur har dei fått støtte til alt frå folkedans til streetart. Ordninga er i år på 3,4 millionar kroner.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane veks, men med desse kutta fryktar me at færre barn og unge får høve til å oppleva breidda av kulturutrykk, seier Hegstad.

– Ikkje opptatt av kultur

Freddy André Øvstegård (SV), nyvald medlem i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, varslar kamp mot kuttet i LNU Kultur.

Freddy André Øvstegård (SV) vil kjempa mot kulturkutt for barne- og ungdomsorganisasjonar. Foto: SV

– Det rammar både kultur, frivilligheit og barn og unge på same tid. Det er ikkje så stor sum det er snakk om, men det er kjempeviktig for dei det gjeld, seier Øvstegård.

Han har tru på at han kan få fleirtalet i komiteen med seg på å stansa kuttet, som han meiner er eitt av mange små kutt regjeringa gjer for å få statsbudsjettet til å gå opp.

– Regjeringa har vist fleire gonger at dei ikkje er særleg opptatt av kultur, så dei sparar pengar der for å bruka pengar på det dei meiner er viktig, seier Øvstegård.

Saka blir oppdatert med svar frå Kulturdepartementet.

Kutt i 4H

Også andre støtteordningar for ungdomsorganisasjonar får kutt i budsjettforslaget frå Høgre- og Frp-regjeringa. Landbruks- og matdepartementet kuttar støtta til organisasjonar som jobbar med landbruk, noko som mellom anna gjer at 4H tapar 7 millionar kroner. Også Noregs bygdeungdomslag og Spire blir råka av kutt.

– Regjeringa ser ikkje verdien av å ha gode organisasjonar som jobbar for gode sosiale miljø i distrikta, seier Tora Voll Dombu, leiar i Noregs Bygdeungdomslag.

– Regjeringa ser ikkje verdien av å ha gode organisasjonar som jobbar for gode sosiale miljø i distrikta, seier Tora Voll Dombu, leiar i Noregs bygdeungdomslag. Foto: NBU

– Eg er skikkeleg skuffa. Det er ikkje så mange organisasjonar som jobbar med mat og landbruk i Noreg, seier leiar i Noregs bygdeungdomslag, Tora Voll Dombu.

LNU fryktar kutta svekkjer rekrutteringa til landbruksnæringa og arbeidet med å skapa berekraftige lokalsamfunn på bygda.

– Den jobben desse organisasjonane gjer er heilt uvurderleg for demokratiet vårt. Det er synd at regjeringa ikkje forstår dette, seier Rode Hegstad.

– Ordninga har i stor grad vore ein vidareføring av støtte til dei same organisasjonane. Dette har gitt mindre rom for nye organisasjonar for å få støtte, og ordninga har dermed ikkje bidrege til eit større mangfald av organisasjonar og meir frivilligheit, skriv Landbruks- og matdepartementet i budsjettforslaget.