Storm!

Ragnar Hovland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Men så er det ikkje slik hos oss. Lite vulkanar. Lite skypumper. Ein er fødd i feil del av verda. Ein må jamt nøye seg med å høyre på ekteskapskrangelen til foreldra.

Og så skjer det noko likevel. Ein får oppleve ein storm. Ein skikkeleg storm. Ein som liknar på noko ein har sett på film. Noko som verkeleg riv og slit og lagar spetakkel.

Slik gjekk det med meg. Eg var nyleg i Cornwall i England, ein del av landet som er kjend for å ha husa sjørøvarar og vrakplyndrarar i tidlegare tider. No verkar folk hyggelege og siviliserte, men ein kan tydeleg sjå på ein del av dei at dei har hatt sjørøvarar i slekta. Dei har dette bestemte piratblikket, det som seier at du ikkje skal kjenne deg for trygg.

Så kjem det stormvarsel. Eg berre registrerer det. Tar det til etterretning og tenkjer ikkje så mykje over det. Dei seier no så mangt på tv, og det meste av det er jo berre tull.

Men – så kjem stormen. Eg vaknar til eit brøl, og når eg ser ut, så ser eg at palmetrea (ja, dei har faktisk palmetre der) ligg flate og at bølgjene piskar inn over strandpromenaden.

Slik skal det vere! Eg kjenner at eg straks kjem i godt humør.

No begynner du kanskje å lure på kva slags fyr eg eigentleg er. Litt pervers, tenkjer du kanskje. På utsida tilsynelatande hyggeleg og sjarmerande, men bak fasaden ein forferdeleg fyr. Ein som liker at bilar veltar, taka flyg av husa, tre blir rykte opp med rota og skip forliser.

Men nei, så gale er det ikkje. Som dei fleste andre kan eg nok bli fascinert av store katastrofar, men eg vil jo ikkje at det skal gå heilt gale for nokon som ikkje har fortent det.

Likevel, ein storm er ein storm, og den må ein nyte og gjere mest mogleg ut av. Sidan ein ikkje kan stoppe den likevel.

Så eg leiger meg ein bil og kjører mot Englands sørlegaste punkt, Lizard Point, der den Engelske kanalen berre ligg og frådar og ein ikkje ser anna enn rasande hav og svarte klipper og ein og annan pjuskete og livredd måse.

Eg kjenner at vinden røskar godt i bilen, men det er aldri nokon verkeleg fare for at eg skal kjøre av vegen, sjølv med den litt uvande venstrekjøringa.

Og så er eg der. Heilt ute på kanten. Og det er akkurat som eg har tenkt. Nei betre! Vinden blæs så det er nesten umogleg å halde seg på føtene, skummet piskar så du blir gjennomvåt på ein augneblink, og der ute kjem dei største bølgjene eg nokon gong har sett veltande, slår mot stranda og klippene og gøymer dei farlege skjera.

Som sagt, slik skal det vere.

Og det er eigentleg heile poenget med stormen. Den skal berre vere der, gjere jobben sin, fylle deg heilt. For det er det den gjer. Du er rett og slett ikkje i stand til å tenkje på noko anna. Du gløymer alt, leiarstriden i Arbeidarpartiet, kyllingdebatten, Trond Viggo-debatten, alt som elles er viktig. Ja, tilslutt har du også gløymt all ulykkeleg kjærleik, alle nederlag, kva du heiter, kor du kjem frå og kor du skal. Du og stormen er alt som finst.

Eg innrømmer at eg ein augneblink tenkjer på om det kanskje kan vere eit skip i havsnaud der ute, men det er ikkje noko skip å sjå. Og når alt kjem til alt er eg glad for det.

Men ein skal ikkje overdrive heller. Det kan bli nok storm. Eg kjører tilbake til hotellet for å tenkje over det eg har sett.

På radioen får eg seinare høyre at i Nord-England har det vore mykje verre. Der er det flaum. Bilar har kjørt av vegen. Folk har måtta forlate husa sine.

Eg kjenner at eg ønskjer ikkje at det skal vere slik rundt meg. Det er nok med det som er. Men ein storm er utan tvil noko flott.

P.S. Vel tilbake i Norge får eg høyre at eit russisk skip forliste utanfor Cornwall i stormen. Og lokalbefolkninga, over hundre av dei, strøymde til i lastebilar for å plyndre skipet og forsyne seg av tømmerlasta. Var det ikkje det eg trudde!