Pressemelding frå ein forfattar

Frode Grytten
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gudane veit at eg forstår dei. Eg forstår dei så inderlig godt. Dei har jo heilt rett. Alle bladfykane og kulturredaktørane har fullstendig rett. Her står verda i brann, og kva gjør vi forfattarar? Jo, vi skriv bøker. Vi skriv bøker som bare Innkjøpsordninga er bittelitt interessert i, bøker som kun trugar regnskogen og til slutt ender sitt triste liv i eit støvete bokmagasin i ein kjellar på Ål. Vi produserer bare ord på kvite sider, ein heil masse ord, tonnevis med ord, ofte meiningslause, underlige ord, ord som nesten ikkje er skikkelige ord.

Ikkje rart dei rykkjer ut straks det skjer noko der ute i verda. Det er ein av pressens viktigaste og stoltaste ryggmarksrefleksar. Med ein gong det har skjedd noko forferdelig ute i verda, når nokon har tatt livet av ei tilstrekkelig stor gruppe personar, eller gjort det på ein heilt ny og spektakulær måte (som CNN har videofilm av), så stormar bladfykane og kulturredaktørane rett bort til tastaturet. Det ligg djupt i dei, heilt inne i milten ein plass, det er Pavlovs gode gamle hund som rykkjer og slit i lenkene; noko fryktelig har skjedd i verda, noko som ikkje burde ha skjedd, noko som nokon må ta avstand frå – ok, tid for handling, spring til tastaturet, skriv så blodtåka sprutar og caffe latten skvett: HVOR ER FORFATTERNE?

Jo, eg forstår dei. Alle som har vore på eit årsmøte i Forfatterforeningen, veit at forfattarane er akkurat dei rette til å løyse balkankrisa eller hindre humanitære katastrofer. Men kvar er så forfattarane? Jo, vi sit heime under trappa og skriv. Vi er på veg til barnehagen for å hente minstemann, vi er på veg til ei opplesing i Indre Kåfjord. Vi sjekkar om vi har fått inn siste honoraret frå Norsk Forfattarsentrum på kontoen og at forfattarportrettet på omslagsinnbretten er bra nok ut til å ta ut fullt salspotensiale.
Vi er bare ikkje der det skjer. Vi skriv bare ikkje det vi skal skrive, og vi skriv det aller minst der vi bør skrive det. For pressefolk veit sjølvsagt eksakt kva som skal til: det er bra med ord, det er viktig med ord, ord kan forandre verda, ord har kraft, men det må vere ord på avispapir, ikkje ord på kvitt Munken Print 100 g i ei syltynn diktsamling med latinske ord i tittelen. Det må stå i dagsavisa, ikkje mellom to permar. Det utgjør heile forskjellen.

Ikkje skriv vi sjølvutleverande biografiar heller. Eitt og anna heiderlig unntak finst jo, sånne som heldigvis føler stor trong til å pøse ut sitt turbulente kjæresteri og nekte for at det er det ein har gjort. Men vi forfattarar er ikkje alltid så gode på narkomani, epilepsi, krybbedød eller invaliditet som vi burde vere. Då hadde mykje sett lysare ut, både for dei som skriv bøker og dei som skriv om dei som skriv bøker.

Men fortvil ikkje. Alt det vonde og leie er snart over. For her er ein mann som tar ansvar. Her er ein mann som forstår seg på skitne jobbar, og som ser at dei må gjørast. Endelig ein forfattar som tar ansvar. Følg med no. Jepp. Hald deg fast.

Neste år kjem eg med ein dokumentarroman som heiter “80 og kåt som faen”. Han handlar om min eigen far og hans mange år i Viagra-helvetet.
Det blir ei rørande skildring av eit far-son-forhold, om ein son som går gatelangs i hovudstaden mens han eigentlig skulle ha skrive sentrallyriske dikt, men som gråtkvalt leitar etter ein far på evig damejakt.

Og ikkje bare det; det blir ei rystande avsløring av helse-Noregs fallit med omsyn til alle Viagra-ofra som tause og innbitte slit med ein uhemma seksuell appetitt. Det blir eit sterkt møte mellom ein eldre mann som er varm og vill på Viagra og eit offentlig apparat som bare møter han med kulde og kynisme.

Far min har sjølvsagt ikkje hatt noko som helst ønske om at eg skal skrive denne boka. Tvert om: han har ved fleire høve forsøkt å drepe meg med ein samekniv, og han har no sett hardhendte torpedoar på jobben med å oppspore både diskettar og manus, pluss ballesteinane mine. Far min meinte at det heile fikk bli i familien, det var nok at dei tre kosovoalbanske asylsøkarane i nabohuset visste om hans mange år på Viagra-kjøret.

Men eg har sagt det til far min, både direkte inn i mobiltelefonen og gjennom Gerhard Helskog (som no er i full gang med å lage ein gripande dokumentar om saka): denne boka er eit verdimanifest. Dette handlar om noko mykje større enn meg og far min. Det handlar om pengar.

Det Norske Samlaget støttar meg hundre prosent i arbeidet med dokumentarromanen. Dei har til og med gitt meg eit arbeidsstipend på kroner 500 og siste utgåva av Nils Ellingsgards “Norsk rosemåling” for at eg skal få kveik til vidare satsing. Dokumentarromanen skal, om alt går bra og eg styrer unna torpedoane, braklanserast til våren, og ho blir då hovudbok i Bokklubben Tjukke Bøker og eg møter Anne Gorsvold i Bokboblebadet.

Mor mi (tidligare frisør og neger) har allereie vore gjennom dei første femti openhjartige intervjua med vekeblad og aviser. Det einaste bokklubben og eg fryktar, er at ein eller annan idiot skal bryte sperrefreista og alt saman bare seier poff.

Og som om ikkje dette var nok snacks for bladfykar over det ganske land, så tar eg på meg ytterligare ansvar. Eg har skuldre breie som Golgata, og eg er viljug til å gå til heilag krig for mine standpunkt. Her og no kastar eg ut ein brannfakkel på vegne av alle forfattarar, og dei som ikkje er einige med meg, kan bare ha det så godt: Eg støttar bombinga av Afghanistan, heilt og fullt, heilt utan atterhald.

Eg støttar bombinga uansett, eg støttar bombinga i dag, eg kjem til å støtte bombinga i morgon, eg kjem til å støtte bombinga til neste år, og kjem til å støtte ho heile dette tiåret, heile neste tiår, og heilt til kvart einaste muslimske bønneteppe er sprengt i fillebitar. Eg støttar bombinga. Uansett. Samma faen.

Dette er vel godt nytt? Ein forfattar med sterke meiningar. Veldig sterke meiningar. For eg er ein forfattar med ekte samfunnsengasjement og djup innsikt. Ein forfattar som er på linje med Jan Petersen i alt han seier. Afghanistan må bombast tilbake til steinalderen og minst eit par tusen år forbi det også.

Ja, eg kan seie det som det er: Utanriksministeren er lynande klar og konsis når han meiner at å stanse bombinga no, vil gi afghanarane sjansen til å regruppere. Han har heilt rett. Vi må ikkje stanse bombinga no, for då vil fienden regruppere. Og Gudane veit kva som kan skje når ein nasjon som Afghanistan får sjansen til å regrupperere to-tre millionar flyktningar. Det er veldig, veldig mange folk, og det vil sjølvsagt bare forlenge krigen og gjøre lidingane til det amerikanske folket større om flyktningane får regruppert seg på snedigaste vis.

Afghanistan har bare seg sjølv å takke. Hadde dei hatt vett til å kollapse den gongen russarane forsøkte å bombe dei tilbake til steinalderen (og vi merkelig nok var veldig imot det, sannsynligvis fordi det var russarane og ikkje vi som bomba), hadde dei i dag sluppe alt stresset det må vere å ha framande flygemaskiner skrensande over hustaka til alle døgnets tider.

Nei, dei skulle ha gjort som raudpølseknaskaren Brian Nielsen gjorde då han møtte udyret Mike Tyson i ringen i København: bare lagt seg ned og tatt teljing. Så kunne dei etterpå ha reist seg og heldt pressekonferanse med turbanane på snei: “Vi kunne ha vunne!”

Ja, dette var det eg hadde på hjartet i dag. Og om desse meiningane ikkje er sterke nok, er eg meir enn viljug til å dra på endå litt til. Eg kan godt uttale meg om Tina-drapet, konsekvensane for torsken ved utslipp av produksjonsvatn i Nordsjøen, pedofiliringane i Belgia, programtilbodet i TVNorge og om Ole Gunnar burde få meir speletid i Manchester United.

Dette skrivet går i neste veke ut som pressemelding til alle landets aviser og nærradiostasjonar. Men først får Magasinett det heilt eksklusivt, for ein slikk og ingenting, bare same beløpet som Christer Petterson av TV3 fikk for å seie at alt han hadde sagt før var fullstendig feil (eller var det omvendt?).