Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det må vere trist og dystert, eller hardt og heavy

Eg har vore eit «metalhead» sidan tenåra. Det byrja med Queen og Pink Floyd før det vart stadig mørkare og svartare. Det er desse songane som skapar kjensleladde reaksjonar hjå meg, viss eg treng å ta ein time-out og berre lytte til noko.

Anten må det vere trist og dystert, eller så må det vere hardt og heavy. «We Will Rise» av Arch Enemy har ein medisinsk effekt om eg treng å få ut litt frustrasjon. Anathema sine låtar går djupare inn i kjenslene:

Today I introduced myself,
To my own feelings,
In silent agony, after all these years,
They spoke to me after all these years

Oppdaga på forum

Anathema oppdaga eg ein gong på eit forum i 2006. Bandet kjem frå Liverpool og starta same året som eg vart fødd. På forumet var det songen «Electricity» som vart diskutert, då ein person spurde om tips til «chillout-musikk.» Dette er ikkje akkurat omgrepet eg ville brukt om Anathema sin musikk, men «Electricity» skil seg nok litt ut frå resten av songane.

Som regel handlar tekstane til Anathema om djupe kjensler, draumar, vonbrot, skam og tapt kjærleik. Men eg likar å tenkje at ikkje alle relasjonane er romantiske. Dette utdraget kan til dømes like gjerne handle om eit destruktivt vennskap eller familieforhold:

Countless times I trusted you,
I let you back in,
Knowing, yearning you know
I should have run but I stayed

Knusbare draumar

Vi har alle draumar og lengsler som vi ønskjer at skal bli verkelege. Vi blir usikre på andre menneske i prosessen. I enkelte relasjonar let vi oss overtyde til å forsøme draumane våre. Eller vi forsømer dei sjølv, fordi vi blir oppslukt av å stille til andre sine forventningar, gjere det vi trur at andre vil eller meiner at vi bør.

Maybe I always knew,
My fragile dreams would be broken for you
Maybe I always knew…

Kanskje var ikkje draumen viktig nok, om du let nokon stoppe deg frå å gjennomføre han? Eller er livet fullt av distraksjonar som fjernar oss frå våre inste draumar? Alle si verste frykt er vel å sitje på eldreheimen og angre på at vi ikkje gjorde det vi drøymde om. Vi fekk ikkje det livet vi ønskte, fordi vi gjorde som alle sa eller forventa.

Medan draumen var der heile tida, liggande i eit knusbart glas på øvste hylle.

Anten draumen din er jordomseiling, villa, familie, karriere eller djup kjærleik. Songen treng ikkje forklare det, for det viktigaste er å ha kontakt med kjenslene sine. Som ein person i kommentarfeltet på YouTube skriv:

«Man, this band is something else, I do not know how to explain, but these guys just … Yeah, that’s how I feel.»

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«Fragile Dreams»

Av: Anathema

Frå: Alternative 4 (1998)