Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har nyss vore Melodi Grand Prix her heima på låven. Eg veit det, for eg var med – på eit vis. Eg las poenga frå Vestlandet! Akkurat det har strengt tatt ingenting med saka å gjera. Men etter eit Grand Prix på nært hald, har eg tenkt. Og eg tenkjer forsåvidt framleis. Eg tenkjer på livet, men mest på udødelegheita.

Det var tre jenter som vann den norske melodi Grand prix finalen. Dei kunne knapt tru det dei opplevde, kunne me lesa etterpå. No var det gjort, sa dei. Verdens Gang hadde fire sider om Grand Prix, sjølv om konkurransen har vore erklært død og nedgraven i fleire år. Og ekspertane VG har vore i kontakt med, trur at “Charmed” kan gjera det bra i Globen i Stockholm. Jentene trur kanskje at dei no har gjort seg sjølv udødelege. Men det er slett ikkje sikkert. På den andre sida er dei nærare udødelegheita enn kva mange av oss andre er.

Livet er ei døgnfluge og skal me forlenga det, lyt det skje i namnet. Det er namnet som kan ha nokon som helst mogelegheit til å leva utover våre tilmålte dagar på jorda. Og når ein heller ikkje trur på ei æva med basunleik og hyggetitting frå skyene dagen lang, vert namnet reddninga. Ettermælet! Kunsten å gjera seg udødeleg har endra seg. Han er iallefall vorten meir mangslungen og lunefull.

Nokon greier det med stil. Vincent van Gogh, til dømes, var ein levande fiasko og ein daud suksess. Slikt gir kveik. Men dersom prisen er å øra i solsteiken heile dagen, leva på bror sin og skjera av seg øyra, vil ikkje ein slik modell høva for alle. Då fell Lars Sponheim si oppskrift lettare for dei fleste av oss. Å verta minister på slump, gjera ei mengd tabbar og fornya det norske språket med omgrepet “å gjera ein sponheim”. Kanskje vil Lars Sponheim leva vidare i ordbøkene, og kven andre i denne regjeringa vil leva vidare etter at ho er daud?

Monica Lewinsky vil leva vidare. Ho trong ikkje vinna Melodi Grand Prix, New York Maraton eller VM i kunstløp. Det var nok å tukla litt upassande med snurrebassen til ein viril mann frå Arkansas. Forskjellen på historisk og bagatellmessig snurrebasstukling er sjølvsagt om mannen frå Arkansas er president i USA eller ikkje. Bill Clinton på si side var jo alt i historiebøkene. Men etter å ha gjort ein såpass gedigen sponheim på teppegolvet i det kvite hus, kan gullskrifta ventast å kakkelera før tida. Og då kan ein kanskje spørja seg om målet er eit udødeleg namn for ein kvar pris? Ta til dømes Charles Boykott. Ein tyrann av ein godsforvaltar i 1870 åras Irland, som ikkje ville setja ned jordleiga. Resultatet vart at ingen ville handla med han. Charles er for lengst død, men boikott har glidd inn i daglegtalen verda over, slik qusling er vorte synonymet for forædar.

Motpolar til desse eviglevande drittsekkane er geni som Alessandro Volta og André Marie Ampère.Dei er der og vil alltid vera der, men om stikkontakten berre er dimensjonert for barbermaskiner, eller sikringane ryk, tenkjer me likevel ikkje vondt om dei, me tenkjer i det heile ikke på dei. Er det verdt å tyna sitt briljante hovud i eit heilt liv for å oppnå det? Var det det han spurde seg, vår ven Cooper også? Amerikanaren som gjorde kroppsøvingstimane for ein heil generasjon til eit mareritt. Og alt K.H. Cooper gjorde for å verta hugsa av millionar av amerikanske og tusenvis av norske artianarar var å kommandera oss til å springa så langt me orka i 12 minuttar, for so å plassera oss i ein av fire kategoriar: Godt trena, bra trena, brukbart trena og treng meir trening! Eureka! Den banebrytande Coopertesten!! Veddar på at det står ei statue av mannen utanfor eit eller anna College der borte også!!

Livet er ei døgnfluge, og skal me forlenga det, lyt det skje i namnet. Det kan bety eit livslangt helvete i solsteiken for eit missforstått geni, eller eit minutt langt kollaps under driftene, for ein sterk president. Nokon treng ikkje gjera anna enn å smila ekstra i det dei seier “sprædde sluddbyger på kysten” og ynskje ein framleis hyggeleg tv-kveld. Og det kan faktisk vera nok å vinna meldodi Grand prix. Men det er ikkje sikkert. Udødelegheita er som nemnt lunefull. I 1967 vann Sandy Shaw Melodi Grand Prix. Det hugsar “alle”, men “ingen” hugsar kva den spanske vinnardama, frå 1968, heiter. Kvifor vart Sandy Shaw udødeleg? Jo, ho kom på scenen utan sko og utan sokkar, ho var barbeint!

Toralf Maurstad er ein kjent og respektert norsk skodespelar. Han ville fått namnet sitt i leksikon uansett. Men udødeleg for ein heil nasjon vart han fyrst då han tok rolla som hotelloverhovud i ein såpeserie på fjernsyn. No får han to heilsider til å fortelja om livet som såpestjerne, og for å vera sikker på at avisa sel på oppslaget, titulerer dei han med Cæsar-Toralf.

I vår tid har strengt tatt alle ein god sjanse til å gjera seg udødelege. Før kravet til prestasjon såpass høgt at mange opplevde det som ei stor hindring. No er det berre eitt krav; oppfinnsomheit.

Den barbeinte sceneantreen gir ingen måpande respons lenger, det same kan seiast om skjelettkostymet. Å syna rumpa er nokså oppbrukt. Frank Zappa har pissa på publikum og George Mikael er tatt med buksa nede på feil tidspunkt på herretoaletett. På spelemanssprisutdelinga for nokre veker sidan, var det ein som ville laga skandale ved å gi prisen til feil gruppe. For nokre år sidan ville det vore den store saka dagen etter. Men no fekk Christoffer Skau knapt ei notis for påfunnet!

Ein må altså vera fyrst ute med noko, innovasjon, som det heiter. Greier ein ikkje det, lyt ein ta fram jokerkortet. Utsjånad! Du kan syngja som ein gud og spela som ein helt, men likevel kan det koma tre søte jenter og rasa forbi deg. Dei syng ikkje heilt reint heile tida, men til gjengjeld struttar dei av sjarm og hjerter som går boom boom, og neste dag kan ei avis utan atterhald konkludera med at dei tre jentene har sjarmert heile landet, og teke det det same landet med storm.

Men enno risikerer dei tre jentene å verta døgnfluger dei med. For heldigvis er ikkje verda komen så langt at beuty åleine er nok. Skulle det derimot syna seg at to av dei tre er kjærastar med kvarandre og at det verserer nakenbilete på internett av den tredje, og at manageren deira har bedt dei om å ta valium, og dei kjem sist i den internasjonale finalen, får null poeng og feirar det heile med sjampanje og sjarmerer heile pressekorpset – då! Då går platesalet til himmels, dei kjem med på neste “hits for kids” og namnet og namnet i all æva, amen!

Når eg har tenkt desse tankane lenge nok, set eg på Arne Bendiksen sitt Grand Prix-bidrag frå 1971, og nynnar saman med Hanne Krogh.

“Lykken finnes på vår jord,
bare ikke der du tror.
lykken er en time på badet,
varm sjokolade.
Lykken er sild
i dill”.

Og når silda er oppeten og andedraga tel ned, er det mi von at eg er mett på livet, og godt nøgd med å verta fullstendig utsletta. Alt anna virkar rimeleg stressande.