Marcus og Martinus om Israel i Eurovision: – Ikkje vi som bestemmer det

Noregs «bonushåp» i Eurovision, Marcus og Martinus, synest det som skjer i Gaza er trist. Men duoen har ikkje lyst å blande seg i debatten om Israels deltaking.

NPK-NTB
Publisert

– Vi er med i Eurovision, og så er det andre som bestemmer kven som skal vere med. Vi har ingenting med det å gjere, seier Martinus Gunnarsen (22) til NTB.

Saman med tvillingbroren Marcus skal han representere Sverige i Eurovision-finalen i Malmö i mai. NTB møtte den norske duoen i Oslo tidlegare denne veka.

Israel-demonstrasjonar

Både i Noreg, Sverige og andre land har det vore demonstrasjonar mot deltakinga til Israel på grunn av krigføringa i Gaza, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) har gjort det klart at Israel må få delta.

– Dei får bestemme det dei trur er lurast, så får vi lov å vere artistar som skal synge, seier Martinus.

Marcus og Martinus sin karriere har tatt av i Sverige. No er dei aktuelle som landets ESC-håp med låten «Unforgettable». | Foto: Janne Danielsson / SVT

På spørsmål om kva duoen synest om det som skjer i Gaza, svarer Marcus at «det er jo ikkje bra».

– Ingen har lyst på krig rundt omkring i verda, same kva det er. Det er jo sjølvsagt trist. Ein har jo lyst på at det skal vere ei fredeleg verd, seier han.

Vil ikkje blande seg

Gruppa ønskjer likevel ikkje å blande seg inn i den politiske debatten og seier dei har vore travle med å førebu si eiga deltaking.

– Det er eigentleg ikkje noko vi har tenkt på akkurat når det gjeld Eurovision.

Også det norske bidraget i Eurovision-finalen, bandet Gåte, har sagt at dei meiner det er rettast å delta.

Det er venta store demonstrasjonar i Malmö under arrangementet, og svensk politi har planlagt eit veldig tryggingsopplegg.