Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dette er naturlegvis også ein kapitalistisk ide: Du kan bli kva du vil, så lenger du har pengane til å betale for den livsstilen denne nye personen treng. Dette har ført til enorm etterspurnad av alt frå moteklede til kjønsoperasjonar. For inni innpakkinga er jo mennesket stort sett det same. No som alle er heilt like inni, blir folk heilt desperate etter å skilje seg ut i det ytre.

Men ønskjar folk eigentlig å ha ein flytande identitet? Eller ein drøss med identitetar ein kan hoppe fritt i mellom? Eg er stygt redd for at vi kan kome til å ende opp med ein type menneske som ikkje våger å ta av seg kleda om kvelden, av frykt for å vakne opp utan identitet neste morgon, ettersom identiteten deira då ligg pent bretta saman på stolen.

Rettnok kan eit menneske ha fleire roller i livet: Ein kan vere småbarnsfamiliefar, bonde, bergensar, mann, heterofil, rockar, SVar og Leeds-supporter. Disse forskjellige rollene er i prinsippet uavhengige av kvarandre, og kan også komme i konflikt.

I praksis er dette sjeldan noe stort problem, ettersom folk vel seg roller som passar saman. Ein tilpassar favorittlag med fødestad eller bustad. Yrke blir tilpassa politisk overtyding, eller omvendt. Klesstilen passar med alder, musikksmak og yrke. Tendensen går heile tida mot å velje seg ei heilstøypt identitet, for å sende nokolunde eintydige signal til verda omkring.

Når folk seier at vi har mange identitetar, meiner dei ofte at vi har mange roller. Men det er ikkje noko problem å både vere både Rosenborg-tilhengar, familiefar og rørleggjar samstundes. Det blir straks meir komplisert dersom ein mann hevdar at han er både familiefar og ungkar samstundes. Det finst kanskje dei som prøver, men det går sjeldan bra.

Og dersom ein kar fortel at han er tilhengar av Brann, Odd, Rosenborg, Vålerenga og Lillestrøm, vil ein rimeleg reaksjon vere: Du er ikkje ein mann med mange identitetar. Du er berre ein mann som ikkje har forstått kva ordet ”tilhengar” tyder.

No skulle ein tru at kjønn skulle vere ein av dei meir robuste kategoriane. Kanskje nettopp difor har det vore trendy å snakke om mangfaldige og fleksible identitetar og mange kjønn, for å markere at absolutt ingen identitetar eller kategoriar er absolutte.

Prakteksempelet på denne ”progressive” kjønnsforvirringa har vore Espen Benestad/Ester Pirelli. Det er mange folk snakkar varmt om å det framstegsvenlege i å veksle mellom å vere mann og kvinne, samstundes som dei vil avvise at det er mogleg å vere soss på kvardagar og pønkar i helga.

Men, same kva ein kan kalle identiteten til Ester/Espen, fleksibel eller flytande er den ikkje. Ester Pirelli er det motsette av ein fleksibel identitet. Ho er ekstremt rigid, ei trong rolle som mest av alt minner om ei husmor frå 50-tallet. Viss Benestad hadde hatt ein fleksibel personligdom, hadde det kanskje vore plass til begge typane i den eine. Som kjent er det ikkje nødvendig å bygge eit heilt nytt hus i hagen, dersom det er god plass i det du har ifrå før.

Eg klarer ikkje å fri meg frå kjensla av at det må vere noko gale med ein kultur der ein meiner at favorittlaget ditt er noko du har på livstid, medan kjønnet ditt er fleksibelt og flytande.

Alt tyder altså på at snakket om mangfaldige og flytande identitetar mest er det: Snakk. Folk flest ønskjer seg framleis stødige og konstante personlegdomar. Ikkje minst ønskjar dei seg partnerar, vennar og kollegar med nokolunde stødige identitetar.

Det er derfor personligdomsforandring framleis blir sett på som eit fareteikn innanfor psykiatrien. Du vil aldri få høyre sjølv den mest alternative psykiater seie: Gunn, du har i det siste forandra lynne og oppførsel slik at borna dine knapt kjenner deg att. Gratulerar med den nye flytande identiteten din!

I Monty Pythons ”Life of Brian” er det ein av mennene i Palestinsk Frigjeringsfront som opplyser dei andre om at han vil bli kalla ”Loretta”. Han vil vere kvinne, og har dessutan tenkt å føde born. Dei andre protesterer mot dette og argumenterer mellom anna med at ”Loretta” ikkje har nokon livmor. Men sjølv om han ikkje kan få born, blir dei til slutt einige om å vedta at ”Loretta” har retten til å få born.

Det er kanskje slik med resten av oss også. Vi veit godt at vi ikkje kan vere nøyaktig kva eller kven vi vil. Men først når nokon gir oss retten til å være akkurat kva eller kven vi, kan vi kanskje endeleg slappe av og vere oss sjølve.