Framtida
Publisert
Oppdatert 11.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har tenkt på det, og eg trur eg veit kvifor.

Men lat oss starte ein litt annan plass. Med Kronprinsen.

Er han ein reell trussel? Er han farlig? Er han for folkelig når han er i lag med ei åleinemor, går på homsebar, spelar grønsjeplater og er i det heile ganske kul?

Sjølvsagt er han det.

Han er ein reell trussel for alle oss som vil at kongehuset skal klappe saman som eit korthus. For han er eit menneske, eit heilt menneske, ein fyr som øydelegg alt som er bygd opp gjennom dei siste åra.

Vi er ein gjeng som har satsa mykje på Harald og Sonja, og så langt har alt gått etter planen. For her snakkar vi ein innrøykt harry som ikkje heilt veit om han er på skirenn eller skal trøyste overlevande, ein besteborgar frå Bærum som blir frakta til og frå i svart limousine, men som stort sett bare sit der og lengtar etter å komme heim slik at han kan ta seg ein liten ein og sjå siste episoden av Sopranos (ja, kven vil ikkje det?).

Vi snakkar om ei kjøpesjuk kjerring som reiser verda rundt for å snakke om norske elgar i solnedgang, og som har ei langt meir framskriden interesse for interiørmessige finesser enn den kongelige apanasjen skulle tilseie.

Så langt, så bra.

Hadde desse to fått ture fram som dei har gjort i fleire år no, trur eg vi kunne ha sløkt lyset på Skaugum om sju-åtte år, spikra døra igjen og sagt thank you and goodnight.

Men kongeparet er smart nok til å skjøne at skal dei overleve som art, må dei avle ein son som det er litt meir tak i enn dei sjølve. Derfor har dei brukt alle krefter, pressa seg til det ytste på å gjøre guten til eit menneske av kjøt og blod.

Bare ein intelligent arving kan redde monarkiet i Norge. Derfor har dei tynt seg og ofra seg og gitt han alt. At det i neste omgang har gått ut over søstera, er så sin sak, ho må ha fått smulane (i meir intellektuell forstand då).

Resultatet er at Haakon etter det ein no kan sjå, vil fornye kongehuset, gi det ny legitimitet og at vi sannsynligvis må slite med denne fortidslevninga i mange mange år framover. Altfor mange år. For kva skal vi eigentlig med denne jurassicpark-liknande institusjonen?

Dersom ein ser konkret på oppgåvene til det norske kongehus, er det vanskelig å finne ein svært fornuftig orsak til at vi skal halde oss med ein familie som er proppa full av privilegier bare fordi dei manglar etternamn.

Kva gjør desse menneska, eigentlig? Kva godt har dei til dømes gjort deg?

What’s in it for me?

Dei klippar over snorer, klappar vanskeligstilte på hovudet, opnar ei og anna dør for norske kremmarar i utlandet, dansar polonese, seglar i rom sjø, vinkar frå slottsbalkongen og nektar å uttale seg til Se&Hør.

Dette er vel oppgåver som strengt tatt kven som helst kunne utføre med eit visst hell. Ein skal ikkje undervurdere vanskegraden i å klappe folk på hovudet eller kor trøyttande det kan vere å stå på slottsbalkongen i timevis ein dag i mai dersom ein slit med både bjørkeallergi og røykesug.

Men eg trur ikkje det er vanskelig å fordele desse oppgåvene på fleire. Og skal vi først ha eit kongehus, dersom vi meiner at snorklipping og balkongvinking er så viktig for å sveise nasjonen saman, så trur eg det er på tide å sjå på alternative løysingar.

Eg tenker meg til dømes ei konkret ordning med dugnadskonge og dugnadsdronning.

Ja, heile det norske folk burde kunne trekke saman og ta sin del av oppgåvene. Til dømes finst det ei rekkje friviljuge foreiningar som slit tungt med økonomien. Eg ser for meg at lokale basketklubbar, musikkorps og leikarringar kunne stille med svært gode kongsemne. Desse kunne fungere som kongelige i ein periode på tre-fire månader og få ein god slump av apanasjen som takk for innsatsen.

Dugnadsordninga ville også skape ny og glødande interesse for kongehuset, då spaninga og forventninga til kvar ny konge og dronning ville vere uvanlig stor, nærmast som nye spelarar på Manchester United eller nye stjerner i Hotel Cæsar.

Dette ville vere heilt topp også for vekeblad, tabloidaviser og Dorthe Skappel. Tenk å få ein ny konge kvart kvartal! Tenk å få fire nye dronninger i året!

Då hadde vi sluppe dei same, trøytte intervjua og dei same, trøytta svara.

Vi kunne fått ein konge som kunne sagt noko fornuftig om spelestilen til det norske landslaget, ei dronning som hadde turt å snakke ut om cellulitt-problema sine og kongepar som hadde fortalt ALT til rojalistiske biografar som Jo Benkow og Annemor Møst.

Dersom ein ville hatt ei endå meir underhaldande ramme rundt kongehuset, kunne ein til dømes velgje ut dugnadskongen og dugnadsdronninga ved ein slags rojalistisk robinsonekspedisjon. Ti kongsemne og ti dronningemne kunne låsast inne på Skaugum der dei skulle finne ut kven som var mest skikka til det høgtidelige embetet.

Dei kunne gå gjennom tøffe oppgåver som bordmanerer, polonese, pusse nasen med stil, takling av snikfotografering, tiara-plassering, korrekt sitjestilling i limousine og evna til å lide seg gjennom kongelig statsråd.

Og skulle ein setje ein ekstra spiss på det heile, kunne dugnadskongen og dugnadsdronninga vere fullstendig ukjente for kvarandre idet dei tiltrådte stillingane. Dei kunne ha funne kvarandre gjennom ein slags kongesjekk i forkant, der ein dugnadskonge skulle velgje seg ei av tre dugnadsdronninger bak eit skjermbrett.

I etterkant måtte dugnadskongeparet stille i studio for å fortelje om korleis det hadde gått, om det hadde blitt noko på dugnadskongen eller om han måtte nøye seg med whisky og Sopranos på fjernsynet. Hadde det blitt noko på han, ville det ha vore kake i studio og Jahn Teigen hadde sunge ”Kjærlighet”.

Spennande hadde det blitt å følgje Kongens nyttårstale, ikkje det lange gjespet som talen er i dag. Tenk deg når Ronny frå Stokke skulle seie noko om globaliseringa. Eller Reidar frå Honningsvåg skulle ytre seg om framandhatet i vår tid.

Eg trur det hadde fungert veldig fint. Dessutan hadde det friviljuge organisasjonslivet fått tilført sårt tiltrengte midler.

No er Kongen forkjøla, sikkert etter alt slitet som ligg bak jobben med å gjøre Haakon til eit skikklig menneske, og det blir skumla om at han må trekke seg. Han ser noko dradd ut, men eg satsar på at han held ut. Han må ikkje lege seg ned no. Han må halde ut. Vi har satsa for mykje på han..

Kongen er forkjøla! Leve Kongen!

Hvis ikkje, kan vi sjå langt etter monoarkiets død og dugnadskongeordninga.

Og då blir det fleire varitear med både Bary Manilow og buktalarar. For eg har komme fram til dei kongelige må vere buktalarane sitt aller siste publikum. Mange års inngifte har gjort dei kongelige så degenererte og ute å kjøre at bare dei (og småungar) kan glede seg over ein buktalar.

– Korleis gjør han det? kviskrar prins Phillip til dronninga oppe i den kongelige balkongen. – Korleis får han det eigentlig til?