Humanetisk konfirmasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor humanetisk?

 

Skuleplassen utanfor Rothaugen skule i Bergen er heilt tom. Klokka på veggen syner åtte, det byrjar å mørkne. Ein dør inn og eit par trappar opp sit sju 9.klassingar saman med Gaute Melås (22).

– Kva tyder eigentleg sexpress, spør Gaute.

– Viss alle i vennegjengen har hatt det og ikkje du sjølv, kan du føle eit press. Du kan kanskje verte pressa til det utan at du er klar, seier Nikolai Mikalsen (15).

Ingen er redd for å seie ting høgt. Den fyrste gongen dei møttest, spelte dei Røde Kors sitt rollespel ”På flukt” og var ein stor familie.

– Då vart vi veldig godt kjent. No er det ein god og intim stemning i gruppa, seier Nikolai.

LES OGSÅ: Ber foreldre bremse festen

– Kvifor konfirmerer du deg?

– Eg vart påverka av vennane mine. Alle skulle konfirmere seg i mai. Ein får jo mykje pengar om ein konfirmerer seg og, men det prøver eg å ikkje vektleggje så mykje.

– Kvifor humanetisk?

– Eg har alltid hatt tru på naturvitskapen og har ikkje vore kristen. Eg har vore ekstremt interessert i religion, men har aldri trudd at det har vore nokon høgare makter som skal bestemme over oss. Det sto mellom humanetisk eller droppe det. Når alle snakkar om konfirmasjon, ynskte eg òg gjere det. Det vert symbolsk.

– Korleis har vener og familie påverka deg?

– Alle venene mine konfirmerer seg kristent. Den eine søstera mi konfirmerte seg kristent. Eg vart ikkje så mye påverka av vener når det gjeld type konfirmasjon, men vener bidrog til at eg valte konfirmasjon i det heile. Foreldra mine har ynskt at eg skulle ta eit sjølvstendig val og har ikkje lagt noko press på meg. Mormora og morfaren min er veldig kristne. Eg trur ikkje dei likar valet mitt så godt, men dei har ikkje sagt noko – så dei tek det fint.

LES OGSÅ: Foreldre bruker 30.000 kroner på konfirmasjon

– Kva synest du om konfirmantundervisninga?

– Eg er blitt betre til å diskutere. Læraren vår er skikkeleg reflektert. Han er flink til å snu synsvinkelen slik at vi får må sjå ting på ein annan måte. Eg har lært mykje om menneskerettar. Vi får alltid snakke mykje sjølv. Fordi vi er så få, slepp alle til.

– Kva er det viktigaste du har lært?

– Mykje allmennkunnskap. Eg har lært om korleis menneske opptrer og korleis dei bør opptre.

– Kva slags forventningar har du til konfirmasjonsdagen?

– Eg hugsar veldig godt konfirmasjonane til søstera mi og fetrane mine. Då tenkte eg det var lenge til min eigen. Det symbolske for meg er å feire heime saman med familien, ikkje i Grieghallen når eg får ein blome eller klem eller kva det er.

– Kvifor trur du konfirmasjon står så sterkt i Noreg?

– Det er så mange som har gjort det før deg, ein tradisjon. Som barn er det svært få som ikkje har vore i ein konfirmasjon. Når du har sett ein konfirmasjon, så trur eg du har lyst til å konfirmere deg.

– Kva ynskjer du deg?

– Eg har lyst på pengar så eg kan spare til sertifikat og bustadsparing.  Det er ingenting eg treng overhovudet, eg har alt eg treng. Eg kunne ha ynskt meg leiketøy som iPad, men det er ikkje nødvendig.

Les andre artiklar i serien vår om konfirmasjon!