Då Farmen-stjerna Lothepus vart observert i Bergen, bestemde journalisten seg for å gå på kjendisjakt i håp om eit intervju.

Janne Merete Bøyum, Studvest
Janne Merete Bøyum, Studvest

Saka vart først publisert i Studvest.

Då vår journalist fekk høyre at Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, var i byen, bestemde ho seg for å gå på kjendisjakt. Med kamera rundt halsen og ei skriveblokk i lomma saumfarte ho byens gater – fast bestemt på å få intervjue ein av Noregs mest ettertrakta kjendisar. Her følger ein kronologisk oppsummering av jakten på Lothepus, fortald i fyrste person av journalisten sjølv.

08.00 Lothepus er på God Morgen Norge, kor han vert intervjua på ein båt inn mot Bergen sentrum. Jakta er igang.

13.30. Petter Pilgaard er observert ved Lille Lungegaardsvatn. Kjeldene er usikre, då dei kjem frå jodel.

14.00 Petter Pilgaard og Lothepus er blitt observert på McDonalds. Jodelfolket held meg oppdatert, men eg får ikkje greie på kva dei åt. Eg bestemmer meg for å spørje dei viss eg ser dei.

LES OGSÅ: Rappende jurister føler seg snytt av TV2

20170223_160818

DUCKFACE. At Pilgaard sjølv legge ut bilete på instagram gjorde jakta endå meir spennande. SKERMDUMP FRÅ PILGAARDS INSTAGRAM.

16.30: Petter Pilgaard legg ut eit bilde på instagram med han og Lothepus med teksten: «På tur med denna varianten, kan ikke gå bra». Men kvar er dei?

19.00 Eg får høyre at grunnen til at Lothepus er i Bergen, er at han  skal vere med på Finn Tokvam sitt show «Folk og Finn», med Frode Grytten som den andre gjesten. Seinare på kvelden skal BarBarista vise den nye episoden av Fjorden Cowboys! Er det mogleg at han dukkar opp der? I den nye episoden skal Petter Pilgaard vere med Lothepus på jobb. Er det mogleg at begge møter opp?

21.40. Eg reise ned på BarBarista. Baren ligg oppi gata ved Bryggen. Ein flott Porsche stoppa rett utanfor, og to menn i stilig frakk går inn på baren. Er det fordomsfullt å tru at det er vener av Petter Pilgaard? Eg går inn på baren. Det ser ikkje ut som ein typisk Lothepus- eller Petter-bar. Det er mange fargerike tapetar, og masse bilder i forskjellige størrelsar. Frå taket heng det trekkspel, paraplyar, trommer, bamsar, figurar, og tepper frå trådar. Alt i forskjellige fargar. Når eg ser litt bedre på alle bildene, oppdager eg at eit av bildene nesten heilt opp i taket er av Lothepus og partneren Joar.

22.15. Eg sjekka Facebook. Bergens Tidende har allereie lagt ut ein artikkel om «Folk og Finn» med Lothepus. Eg har ikkje skreve eit ord enno.

22.30. Den nye episoden av Fjorden Cowboys! byrjar i kjellaren på BarBarista. Berre eit par ledige stolar. Ingen Lothepus eller Petter i sikte.

LES OGSÅ: Studenter lager kalender med oversikt over alle kulturarrangement i Bergen

23.00. Episoden er ferdig. Ein mann spring opp på scena og tar mikrofonen.

– Vi må sjå episoden ein gang til, fordi Lothepus og Petter blei litt seine, seier han.

Heile den lange jakten gir endelig resultat. Eg kjenner meg litt letta. Det tar ikkje lang tid før Lothepus strøvla inn i lokalet med ein øl i handa. Han har på seg den kjente cowboyhatten og bunadsvesten. Han sette seg ned på det fremste bordet, men blir ikkje sittandes lenge då han må opp i baren for å hente Petter. Kort tid etter kjem Petter ned trappa. Som vanlig stilig kledd, med skjerf og frakk, og håret dratt bak i den kjente stilen.

Lothepus_JMB_02

FYLGJER MED. I den nye episoden av Fjorden Cowboys! tar Lothepus med seg Petter Pilgaard på jobb. FOTO: JANNE MERETE BØYUM.

23.05. Petter Pilgaard ser på meg, nikka, løfta ølglaset sitt, og seier hei.

– Hei. Hyggelig at du kom, svarar eg.

– Nokre gonger må eg og komme, seier han, og smiler lurt.

23.15. I episoden får vi sjå eit klipp der Lothepus snakkar fint om Petter Pilgaard. Pilgaard følgjer ikkje med på skjermen, og ser ned på telefonen. Lothepus legg merke til det.

– Følg med då, din idiot. Eg skryte av deg!

00.30. Eg får lov til å spørje Lothepus fire spørsmål etter episoden. Eg valde å spørje om dette:

– Kva gjer de på i Bergen?

– Vi har vore på lille Ole Bull Scene i lag med Frode Grytten og Finn Tokvam i dag.

– De var på McDonalds i dag. Kva åt de?

Eg veit ikkje kva eg åt. Eg fekk det servert, svarar Lothepus.

– Det var ein Big Mac. Det er første gang, og det var med meg, skyt Petter inn.

LES OGSÅ: Får 280 000 kroner til å forske på Skam

– Korleis kan de to som er så ulike bli så gode vener?

– Viss folk vise at dei vil jobbe for det, så går det bra.

– I første episode av Fjorden Cowboys! stussa du litt på kvifor du meldte deg på Farmen. Angra du no?

– Eg har aldri angra på at eg blei med på Farmen.

Lothepus_JMB_03

LYSTIG. Det var god stemning når folk samla seg i kjellaren på BarBarista for å sjå den nye episoden av Fjorden Cowboys! FOTO: JANNE MERETE BØYUM.

Eg skal akkurat til å spørje eit nytt spørsmål, før Lothepus avbryt meg, og seier eg har fått mine fire spørsmål. Så eg retta siste spørsmålet mitt til Petter Pilgaard:

– Har du nokre tips til korleis studentgutane kan bli menn?

– Meld deg inn på farmen, seier han.

– Og heng med Lothepus.

Når eg går tilbake til bordet mitt, ser eg at dei har lagt igjen ein Lothepus-gummi til meg. Hyggeleg. Lothe signerar nokre bøker, og Petter helde praten gåande. Baren stenger, og vi må gå vidare – eg får nemlig vere med. Snakk om suksessfull jakt! Petter har ikkje på seg gå-skoa sine, og må ta taxi dei 400 meterane til neste bar. Kvelden er framleis ung.

LES OGSÅ: Hvis Harald Eia var kvinne – et annerledes portrettintervju

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE