Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I
Ei kvinne bøyer seg over ein kvit blom som ligg på bakken. Ho løfter han opp og går mot huset, ho har blomen hengande i den eine handa. Idet ho skal plukka fram nøkkelen for å låsa seg inn, mistar ho han, nøkkelen sprett som ein gummiball nedover trappa. Lyset er skarpt, skuggane lange. Noko er vakkert og litt skummelt allereie her. Det er opninga på filmen “Meshes of the Afternoon”, laga av Maya Deren i 1943.

II
Me er på ferie i Lisboa. Etter å ha besøkt eit kunstmuseum litt utanfor byen, finn venninna mi ein film i museumsbutikken. Framsida viser ei kvinne som står bak ei glasrute og ser ut, baksida seier at dette er ein dokumentarfilm om Maya Deren, ein av dei viktigaste filmskaparane i den tidlege eksperimentelle filmen.
Kvifor har me ikkje høyrt om henne før? Me noterer navnet og går ut av museet, bort til konditoriet over gata for å kjøpa med oss små kaker med eggekrem og kanel.

III
Maya Deren: Dramatikar, regissør, skodespelar, dansar, litteraturvitar, filmteoretikar. “Meshes of the Afternoon” er den første filmen ho laga. Her skreiv ho manus, regisserte og spelte hovudrolla. På fjorten minutt er eit heilt eige univers skapt, ei draumeliknande, skremmande verd. Her finst ein figur som har ein spegel der andletet skulle vore, det finst knivar, ein telefon som ligg med røyret av, det finst ei uhyggeleg, innestengd stemning og samstundes nydeleg finstemte scener og tablå.

Eg startar filmen på ny. Det er seinhaust, bleik ettermiddagssol inn på kjøkkenbordet der dataen min står.  Maya står i vide bukser, vinden bles i buksene, i dei tynne gardina på soverommet.  Ho klatrar ut vindauget, verkar vektlaus som ein astronaut, rørslene hennar liksom lausrivne frå tid og rom.

Filmen sirklar, bileta kjem igjen. Kniven står i brødet når kvinna kjem inn i huset, seinare finn ho kniven i senga. I ei kjend scene ligg ein nøkkel på tunga hennar, ho opnar munnen og tek nøkkelen ut. Kan ho låsa seg inn no? Kan ho låsa seg ut?

IV
Eg ringer musikaren og forfattaren Jenny Hval. Eg veit at ho er oppteken av Maya Deren, blant anna har eg høyrt henne framføra verket “Meshes of Voice” saman med artisten Susanna Wallumrød. Det er ei forsking i stemmer og lyd som mellom anna tek utgangspunkt i Deren sin film.

– Tittelen vår er ein hommage, ei hylling, til Maya Deren. Gjennom filmen”Meshes of the Afternoon” fann me ein metode, ein måte me kunne bygga opp verket vårt på. Då me skulle skriva musikk i lag, let me oss inspirera av korleis ho jobbar med bilete og struktur. Ho skaper ikkje ei lineær forteljing, men eit nett av bilete som sirklar og kjem igjen i nye versjonar. Dette var noko me kunne overføra til musikken.

Jenny sit i sin ende av telefonen med filmen til Maya Deren framfor seg på dataen.

– Det er så utruleg vakre bilete. Dei er poetiske, og samstundes svært personlege. Eg opplever at ho har ein roleg, naturleg måte å fortelja på som gjer at filmane hennar skil seg frå surrealistiske filmar som til dømes “Den andalusiske hund” av Luis Buñuel og Salvador Dali.

Jenny Hval oppdaga Maya Deren då ho studerte film i Australia nokre år tilbake.

– Eg er ikkje interessert i korleis det går, korleis filmen skal slutta. Det som interesserer meg er korleis ho byggjer opp dei vakre bileta, korleis desse tinga; kniven, nøkkelen, blomen, blir plasserte og repeterte i filmen.

V
Tittelen på denne artikkelen er moglegvis litt unøyaktig. Maya Deren blei nemlig irritert kvar gong filmane hennar blei kalla surrealistiske.

– Eg eg oppteken av den indre røynda til menneska og måten det undermedvitne tolkar og jobbar med tilsynelatande enkle og kvardagslege hendingar, sa ho sjølv om “Meshes of the Afternoon”.

Deren var svært oppteken av film som eit sjølvstendig, kunstnarisk uttrykk, og allereie på 40-talet var ho skeptisk til Hollywood si makt over film-feltet.

– Hollywood har vore eit stort hinder for utviklinga av filmen som kunstform, sa ho.

Likevel har Maya Deren har sett djupe spor etter seg også innanfor den kommersielle filmen. David Lynch er ein av mange regissørar som er tydeleg påverka av filmspråket hennar, særleg i filmane “Lost Highway og “Inland Empire”. Hos både Deren og Lynch møter me ein forteljemåte som ikkje alltid er klar og logisk, men som maktar å romma andre rørsler i menneskesinnet; fantasi, skrekk, draum.

VI
Vil du sjå filmen sjølv?