Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me snakkar festival, og det kan vera ei grufull oppleving. Vanlegvis treng ein ferie når ein kjem tilbake frå ein slik ferie, anten den har vore på Roskilde, Quart, Hove eller på Ungkarsfestivalen i Suldal. Magasinett gir deg her oppskrifta på å ikkje få altfor varige men på kropp og sjel.

Forfattaren av denne artikkelen har også vore ung, og råda som her blir gitt, har bakgrunn i bitre, angstfylte opplevingar fylte med gråt, skjerande tenner og knytte nevar, kjensler som kjem opp i all si traumatiserande tyngd og gru når desse linjene blir skrivne.

Men kva gjer ein ikkje for at ungdommen skal sleppa å gjennomgå det same som ein sjølv gjorde. Nok tomprat, her er ti bod til en ung mann (eller kvinne) som vil fram her i festivalverda:

1. Prøveset opp teltet heime før turen. Når ein er sliten etter ei lang reise første dagen, mørket fell på, ein har inga peiling på korleis dei ulike stengene skal setjast saman og bruksanvisinga på polsk og serbokroatisk ikkje er til veldig mykje hjelp, er det fort ein lengtar heim allereie.

2. Ver særs varsam med bruk av andre sitt utstyr. Far og mor er ofte så ”snille” at dei sender med deg/dykk eit kvalitetstelt frå gode gamle dagar, med eit par ubetydelege manglar som ein blir klar over då det skal setjast opp, som at halvparten av stengene er borte, og at muggsoppen har etablert ein usedvanleg livskraftig koloni sidan sist gong det blei brukt, på Eiken feriecamp i 1978. Avslå – uhøfleg, men bestemt, tilbodet om dette makelause byggverk, eventuelt ”gløym” det når du skal reisa.

3. Ha realistiske forventningar i forhold til vêr og føreforhold. Vanlegvis er det to typar vêr på festivalar:

A: Høljeregn som forandrar bakken til strie elver, gjørme og sump.

B: Steikande sol som får odøren av dei rause mengdene urin i buskane til å stiga fram som menneskeleg tåregass.

Blir ein dermed rett og slett nøydd til å velja mellom pest eller kolera? Ikkje nødvendigvis.  Det er ikkje uvanleg å få begge deler i løpet av eit festivalopphald.

4. For dei fleste, men slett ikkje alle, er konsertane ein sentral del av festivallivet, noko som sjølvsagt byr på mykje ubehag. Dersom du vil sjå favorittbandet ditt på nærast mogleg hald frå konsertscenen, må du rekna med at dei andre som er ute i nokolunde same ærend er fullstendig omsyns- og skruppelause når det gjeld å nå dette målet.

Festivalkonsert

Det ser kjekt ut, seier du? Tru om igjen. Her Bob Hund frå Roskilde i 2008. (Foto: Leif Tore Sædberg)

Den sterkastes rett er den einaste lov som gjeld, og uttrykket ”spisse olbogar” kjem her fram i bokstaveleg tyding. Om du skulle vera ei jente på 1,50 og 47 kilo, må du likevel gjera rekning med at personar som er dobbelt så store som deg skubbar deg hardhendt vekk, trykker deg i bakken, dynkar deg med øl, trampar deg på føtene og klaskar deg uforvarande i andletet med veivande armar. Dagen etter gnir ein blåmerka sine medan ein lyttar til ein hylande øyresus. The show must go on.

5. Dersom du er såpass sivilisert at du synes det er greitt å kasta litt såpe og vatn på kroppen i ny og ne: Stå tidleg opp (i festivalforståing av ordet ”tidleg,” sånn ca før kl 10). Med mindre du synest det er ein sjarmerande del av turen å stå to timar i kø saman med masete folk som skal bomma røyk, komma inn i ein garderobe dekorert med omkringslengt undertøy der halvfeite, halvgamle folk knuffar og feiar kleda dine på golvet, og entra ein dusj med utelukkande kaldt vatn og golvet fylt av fotavtrykk prenta i søle.

6. Ettersom kvelden kan bli sein, er det ofte godt med ein liten blund utpå dagen. Det er å anbefala å ta denne luren inne i det 55 grader varme teltet ditt i staden for ute i solskinet og den herlege, friske sommarbrisen. Men for all del, valet er ditt. Ver bare merksam på at sistnemnde alternativ ender med at du vaknar to og ein halv time seinare og erfarer at uttrykket ”å få litt farge” nå har fått ei heilt anna og særs smertefull tyding. Og solkrem er jo bare for pyser, ikkje sant?

7. Det vanlege kosthaldet på festival er gjæra væsker med minimum 4,6% etanol og diverse hurtigmat beståande av 60 % fritert griseflesk og 40% dressing. Vanlegvis er det ikkje dumt å variera dette med nokre slurkar vatn og ei brødskive innimellom for å unngå å bli slått ut av hovudpine, dehydrering, oppkast, diaré, angst og depresjonar, delirium m.m.

8. Som regel får mygg, klegg, knott og andre parasittar lett teften av dei store mengdene ungt, ferskt blod som samlar seg på slike evenement, og aggressiviteten og appetitten deira får fort vampyrske dimensjonar. Myggmiddel er ikkje nok, du må lukka kvar minste glipe i teltduken om natta for å ikkje enda opp med rosa, svidande flekkar store som kronestykke.

9. Ver merksam på at det også finst menneskelege blodsugarar på utanlandske festivalar. Prisen på mobiltelefoni når ein er i utlandet er skamlaust høg, også når du mottar meldingar og samtaler. Fem-seks kroner pr tekstmelding og åtte-ti kroner i minuttet blir det fort pengar av. Passar du ikkje på, kan rekninga bli såpass høg at du på grunn av personleg konkurs er nøydd til å tilbringa kvar laurdagskveld til langt ut på hausten saman med foreldre, teite småsøsken og Tore på sporet. Så om du saknar mamma: Ikkje ring henne, men græt på skuldra til ein av vennene dine.

10. Det er ikkje til å komma forbi: Mange folk ein treff på festival kan vera ei pest og ei plage (jamfør også pkt 4 og 5). Som regel startar det allereie når ein har kome seg fram. Dei mest vondsinna stiller seg då som regel rundt deg medan dei ser med tilfredse smil på lidingane dine (sjå pkt 1). Til liks med myggen er mange av dei usedvanleg aggressive i sitt sosiale liv, og prøver til stadigheit å invadera telt-territoriet ditt for å visa kor kule dei er. Dei er beint fram heilt nøydde til å dela med deg kva dei synst om musikken din, bilen din, kleda dine eller livet ditt. Ver spesielt varsam med å slå deg til i nærleiken av: Svenskar, danskar, austlendingar, nordlendingar, bergensarar, sørlendingar og trønderar.

Ta gjerne med ein kraftig nok ghetto blaster til at den overdøyvar irriterande tilnærmingar frå nabotelta. Sjå mest mogleg skummel og usympatisk ut. Men sjå folk an: Ulempa med denne strategien er at ein del festivalfolk nettopp har ei slik framferd, og dermed tvert imot vil bli tiltrekt av deg og dine.

Sjølv om du overheld desse råd til punkt og prikke, vil sjølvsagt minst like mange andre plager heimsøka deg. Mitt aller beste råd har eg derfor gøymt til slutt: Bli heime.