Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kor mykje tener du på å samle tomme flasker og boksar?

– Ei vanleg natt tener eg om lag 250 kroner. Fredag og laurdag vert det dobbelt så mykje.

Det er sein kveld i Tromsø. Tibor Barna er i ferd med å gjere seg klar til ein ny, kald arbeidsnatt. Han har funne fram lue og hanskar. Sykkelen med tilhengar står klar.

I kveld er det fredag. I morgon tidleg vil han vere om lag 500 kroner rikare. Mannen fortel at dette er meir lønsamt enn om han hadde hatt ein vanleg jobb i Ungarn.

– No har eg nok til å sende pengar til bror min. Det er viktig for utdanninga hans. I tillegg støttar eg mor mi kvar månad. Dessutan har eg spart om lag 35.000 kroner.

Kvar plar du å leite?

Eg syklar langs ei fast rute kvar natt. Då leiter eg både langs vegen og i søppelkassane.

Når Tibor leiter etter noko som kan pantast, finn han også mykje anna av verdi. Det tek han vare på.

– Norsk søppel er luksus! Eg har blant anna fått tak i ein DVD-spelar og cd-ar som virker heilt fint. Kvart døgn finn eg dessutan om lag 30 kroner.

Sinte nordmenn

– Korleis reagerer folk som ser deg når du er ute på “jakt”?

– Dei fleste er vennlege, men det er nokon som vert sinte når eg leitar i søpla.

Mannen hevar augnebryna og snakkar engasjert.

– Kanskje dei tenker at du lagar rot?

– Men eg knyt posane igjen etter at eg har sett i dei. Og dessutan er jobben min bra for miljøet.

Tibor kan vere svært systematisk. Til dømes har han funne ut korleis han kan få flest mogleg tomme boksar inn i ein svart søppelsekk. Han synest det er både praktisk og fint. Stolt visar han fram eit eksempel.

Ungararen har studert etnografi og politisk forsking i fleire år. Han synest det er urettferdig at folk blir sinte fordi han samlar søppel.

– Dette er berre noko eg gjer medan eg ventar på ein betre jobb.

Store planar

Tibor har mange planar for framtida. Å lære seg norsk er neste steg. Han har allereie byrja på norsk-kurs. Når han kan språket godt nok, vil han byrje å køyre taxi. Avtalen med ein taxi-sjåfør er allereie klar.

– Kva er målet?

– Å få ein god jobb, slik at eg kan starte eit firma i Ungarn. Firmaet skal gje arbeid til unge menneske med familie. Det er dyrt å stifte familie i heimlandet mitt. Eg ynskjer å bidra til at fleire har råd til dette.

– Har du andre draumar?

– Eg har lyst å starte kafear som har innslag av ungarsk kultur. Innslaga skal vere gratis og ha høg kvalitet.

Tibor ynskjer å gjere tradisjonell ungarsk kultur meir kjend, både i Tromsø og i heimlandet.

Når han snakkar om draumane sine, smilar han håpefullt. Han har store forventningar til framtida. No set flaskesamlaren seg på sykkelen, og tek fatt på ei ny natt langs gatene i Tromsø. I trua på at alt vil flaske seg til slutt.