Noreg er i ferd med å bli meir sivilisert, takka vere auka omgang med folk frå framande kulturar. Det har endeleg gått opp for oss at innbyggjarane i andre land ikkje er berre gode eller vonde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei fleste tradisjonelle syndebukkane og taparrollene våre har vi mista trua på. Tyskarar er visst ikkje lengre så farlege. Svenskar er likevel ikkje så dumme. Til og med amerikanarar har vi fått eit meir nyansert syn på, no som vi har erfart kor ulike presidentane deira kan vere.
Noko motviljug har vi opna opp dei mentale båsane på tankeloftet vårt, og byrja å sleppe ut folkeslaga, eitt etter eitt.
Vi er altså i ferd med å misse motstandarane våre. Hyggjeleg er det, men slett ikkje berre enkelt. For kva skal innbyggjarane i landet vårt ha som minste felles multiplum viss vi ikkje har fiendar? Er det ikkje samsvarande tankar, kjensler og haldningar som bind oss saman?
No som det har blitt ei allmenn plikt å ikkje stigmatisere og døme menneske vi ikkje kjenner, korleis kan vi då kunne småprate med til dømes den nye sjefen vår om noko som vi veit vedkomande vil vere einig med oss i?
Nordmenn har jo generelt sett blitt så uføreseielege i seinare tid. Ein kan ikkje lengre ein gong rekne med at kvar og ein likar fårikål og ser opp til kongen.
Og no har vi altså missa enno eit sentralt samtaleemne, nemleg stereotypane vi hadde av folk frå andre land. Kva står vi eigenleg att med? Har nordmenn i det heile tatt noko som sameinar oss, utanom geografien og grunnlova?
Faktisk er svaret ja. Vi har noko som bind oss saman. Det finst nokon som vi alle har eit liknande syn på. Eg tenker på Gislefoss, Hareide og Rybak, og resten av kjendisgjengen vår.
Dei som er med på å halde Noreg samla til eitt rike. Dei som har gjeve oss moglegheita til å sitje i kvar vår stove framfor kvart vårt fjernsyn og likevel oppleve samhald. Vi har alle smilt av den trauste vêrmeldaren, kritisert den tidlegare trenaren for landslaget og vore kry over den unge sigerherren vår i melodi Grand Prix.
Takka vere avisar og fjernsyn veit vi kva vi skal tenke om desse folka. Massemedia har gjort verda vår enklare, slik at vi iallfall kan vere einige om noko.
Driven av nyfikne etter å finne ut korleis kjendisar ser ut når dei ikkje er på fjernsyn, har eg i laupet av hausten sikra meg plass lengst mogleg framme i salen under føredrag av fire ulike norske TV-heltar, for å kunne observere dei på nært hald. I tillegg har eg snakka med tre av dei etterpå.
Resultata var hårreisande: Alle saman var annleis i røynda! Dei var rett og slett nokså vanlege. Sjokkerande lik oss andre. Jo nærare eg kom, jo tydelegare vart det. Faktene, spenninga, trøttleiken – menneskelege trekk, som truleg har blitt sensurert kvar gong heltane har vore sendt på lufta.
Ikkje rart dei er heltar. Skjermen har skjerma oss mot røynda i si heilskap. Det gjer den kompliserte verda vår mykje enklare, vi har fått lov til å ha nokre av båsane våre i fred, vi har fått lov å innbille oss at Elin Tvedt alltid er nystelt på håret, at Jan Erik Larsen konstant er opplagt og at Gunvor Hals kvart bidige sekund er hundre prosent blid.
Den dag i dag synest eg synd på kjendisfolket. Dei som vi trur vi kjenner så godt. Dei som står på utstilling som einsame, ville dyr i ein zoologisk hage, for at vi skal kunne gå forbi og glane på dei, på den vidkjente norske faunaen – medan vi held god avstand bak dei sterke nettinggjerdene.
Dei som har blitt offer for vår barnslege trong til å forenkle verda og ha felles symbol, felles syndebukkar, taparar og heltar. Dei som vi viser grenselaus age for når dei kjem i nærleiken, men som vert nådelaust parodiert når dei ikkje ser på. Folkeslaget vi enno ikkje har lært å handsame som menneske.
Kan hende dei har litt skuld i det sjølv, sidan dei har sagt ja til å få ein så smal del av livet sitt kringkasta til alle norske heimar. Likevel er det synd på dei. “Hvis man har suksess har man ikke rett på å ha det vondt. Det vil folk ha seg frabedt” har Stig Inge Bjørnebye uttalt om si eiga fortid som nasjonalhelt på norsk TV.
I sjølvbiografien han publiserte i år, fortel den tidlegare fotballspelaren om korleis kravet om å alltid spele den same rolla gjorde at livet hans etter kvart blei både snevert og slitsamt. Han er ein av dei som fekk klaustrofobi av innesperringa i zoologisk hage, som laga hol i gjerdet og pressa seg ut på eiga hand.
Bjørnebye trur at det er fleire kjendisar som lengtar etter fridom. Det er visst ikkje berre mobbeoffera som kan gå lei av rollene sine. Kanskje Noreg med fordel kunne blitt endå litt meir sivilisert?
Dei einaste i fedrelandet vårt som aldri har klaga over merkelappane sine, er vel nettopp dei ville dyra. Bjørnen let oss stadig leve i den trua at alle bjørnar er sterke. Og ulven har enno ikkje tatt til motmæle over at vi har kategorisert han med adjektivet “svolten”.
Dette gjer det til eit mentalt eldorado å vitje dyrehagen. Vi veit nøyaktig kva vi skal tenke om bjørnen og ulven, og kor langt unna vi bør halde oss frå desse glupske og skumle rovdyra.
Er den nye sjefen vår i nærleiken, kan vi endå til rekne med at han er einig med oss. Dei firbeinte skapningane med dårleg rykte gjev oss på to bein samhald. Dette kunne vi nok dratt endå meir nytte av.
Kanskje dei ville dyra våre faktisk kunne fått litt meir ansvar for identiteten til nordmenn? Kanskje den trufaste faunaen vår hadde vore tilstrekkeleg for å gje oss nordmenn nasjonalkjensle og felles identitet? Kanskje vi kunne tatt av kroken på dei siste båsane med menneske, og heller reservert inngjerdingane fullt og heilt til det verkelege dyreriket?