Det er ein stor auke frå stortingsvalet i 2013, da 3.255 stemmer vart forkasta, melder NRK.
– Dei stemmene der det ikkje er stempel, og stemmer til parti som ikkje stiller lister i fylket, blir forkasta. Vi har også nokre stemmesetlar der det er vanskeleg å vite kva veljaren eigentleg ville stemme på. Dersom vi ikkje finn ut av det, så vil stemma bli forkasta, seier Thorild Osdalen, leiar for valteamet i Telemark.
Ho synest det er rart at talet har auka så mykje, for stemmesetlane er ikkje endra frå valet for fire år sidan, og ho meiner rettleiinga i år kanskje var endå tydelegare enn tidlegare.
LES OGSÅ: Valet viser gryande generasjonskløft
Teljekorpset har også funne ein del stemmesetlar der veljarane har skrive på helsingar til kandidatar eller heiarop.
– Blant anna har ein veljar skrive «deg vil eg gjerne ha» framfor førsteplassen på ei liste i Telemark, ein annan har skrive «Eg skjønte ikkje noko, men heiar på dykk», fortel ho.
Slike meldingar påverkar ikkje om stemma blir forkasta, men kan bidra til å forseinke teljinga.
LES OGSÅ: Slik blir det nye Stortinget