Framtida
Publisert
Oppdatert 14.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein torsdag i mai. Klokka er åtte om kvelden, og i skulegarden framfor Ila skole i Oslo er det kveldsstille. Gjennom vindauga på bakkeplan kan ein sjå inn i kantina, som er overfylt av instrumentkassar, noteklyper og ytterjakker. Men det er heilt tomt i rommet.

Grunnen til det kan snart høyrast ute i skulegarden. Først som eit svakt ekko i dei gule murveggane. Deretter som sterkare, taktfaste trommeslag, akkompagnert av saksofonar, fløyter, klarinettar og tubaer. Så kjem Ila og Bolteløkka skoles musikkorps marsjerande. Dei rundar hjørnet av skulebygningen og togar meir og mindre taktfast inn til midten av asfaltplassen, der dirigent Jenny Karlsson løftar ein taktstokk i vêret som signal på at dei skal stoppe.

Bakarst i virvaret av instrument og småjenter med strikkejakker står dei. Japee og Gunnar med kvar sin saksofon, Filip med skarptrommer. Dei er høgst av alle i korpset. Dei er eldst av alle i korpset. Og kanskje er dei også limet som held alle musikantane saman.

– Blitt van med tanken på å aldri slutte

– Eg kan ikkje slutte no, seier Japee.

Medan dei yngre korpsmusikantane ynglar rundt og leitar etter instrumentkassane og foreldra sine, sit han og dei to andre gutane på ein benk i skulegarden, der sola er i ferd med å forsvinne ned bak bygardane i bakgrunnen.

Korps 2
PINLEG: Tidlegare kunne det vere flaut å seie at ein spelte i korps, fortel Gunnar (t.h). – Viss eg seier at eg spelar i korps, og folk synst det er rart, så får dei berre synast det, meiner Filip (t.v). Foto: Ingvild Grane
– Eg har spelt så lenge, og rett og slett blitt van med tanken på å aldri slutte, legg han til.

Gunnar og Filip nikkar. Til saman har dei tre over 20 år med korpserfaring. Det betyr at dei etter kvart har blitt gode musikarar, eit inntrykk som blir forsterka ved at både Gunnar og Japee har vald seg inn på musikklinja på vidaregåande, og at begge dessutan spelar i band på fritida. Og både musikkinteressa og kunnskapen kan dei delvis takke alle åra i korpset for, meiner dei.

– Etter å ha spelt i korps, får ein ei betre forståing av musikk. Vi skjønar kva som er krevjande å spele, seier Gunnar.

– Eg trur vi skjønar betre kva som er bra, seier Filip.

– Men for å få den forståinga, kan ein ikkje berre spele ting som er gøy. Då må ein spele litt ompa også, legg Japee til.

Ompa og undergrunns-house

Og ein kan trygt seie at dei tre har fått ei brei interesse for musikk. Sjølv om det ikkje akkurat er ompa-musikk det går mest i utanom korpsøvingane
– Mest jazz. Litt filmmusikk. Og litt dataspelmusikk, svarar Japee når eg spør kva han likar å høyre på.

– Elektronika, metall, jazz, klassisk, svarar Gunnar.

– Mykje undergrunns-house, svarar Filip.

– Og funk. Eg må legge til funk, bryt Gunnar inn.

– Ja, vi spelar jo i funkband, begge to, seier Japee.

 

Korps 3
MUSIKALSK FRAMTID: Både Gunnar og Japee kan tenke seg å leve av musikken når dei blir eldre. Inntil vidare går dei på musikklinja og spelar i band. Og i korps, sjølvsagt. Foto: Ingvild Grane

– Trur de at de kan ende opp med å ha musikk som levebrød?

– Ja, det er ikkje usannsynlig, meiner Japee.

– Ein gong i framtida har eg lyst til å skrive ei låt som eg faktisk kan tene pengar på, drøymer Gunnar. – For viss eg greier å tene pengar på det, tydar det på at eg har klart å komme meg opp på eit visst punkt i musikken, meiner han.

Og for Japee er pengane faktisk ikkje så langt unna. Bandet han spelar i på musikklinja, Japee and the Funk Minority, har allereie fått sine første, betalte spelejobbar i Oslo. Men Japee understrekar at det ikkje er pengane som driv han.

– Musikk..

Han tenker seg om.

– Det er så gøy. Eg trur eg alltid kjem til å drive med det, uansett som eg tener pengar eller ikkje.

Flaut

Men sjølv om musikken er viktig for dei tre musikantane, har det ikkje alltid vore like kjekt å spele i korpset. Filip fortel at han begynte i korpset fordi han syntes det høyrtes kult ut med trommemarsjane når korpset var ute og marsjerte i gata utanfor der han budde. Nokre år seinare var det derimot ikkje like kult å vere den som gjekk der og marsjerte og spelte trommemarsj.

– Det har vore periodar der det har vore flaut å spele i korps, innrømmer han.

Dei ler. Japee lener seg framover på benken.

– Eg synst framleis det kan vere litt flaut av og til. Viss vi speler dårleg i gata, og vi møter nokon eg kjenner, for eksempel, seier han.

Men det er ikkje Gunnar heilt einig i.

– Før var det flaut å seie at ein gjekk i korps. Men det er ikkje det no lenger, meiner han.

– Viss eg seier at eg spelar i korps, og folk synst det er rart, så får dei berre synast det, oppsummerar Filip.
– Men det er ikkje mange jenter på dykkar alder i korpset?

– Nesten alle slutta då vi gjekk på ungdomsskulen, seier Japee.

– Vi har ikkje klart å halde dei igjen, nikkar Gunnar.
Dei ler.

– Jentene har meir tendens til å slutte i flokk, legg Gunnar til. – Men vi har jo kvarandre.

Dei andre nikkar.

– Det hadde vore kjedeleg viss eg hadde vore den eldste i korpset. Men no er vi dei eldste, seier Filip.

Og å vere eldst kan ha både sine fordelar og ulemper, ifølge dei tre.

– Dei små ser opp til oss, seier Gunnar.

– Sidan vi er eldst, får vi ofte meir ansvar, både når vi er på turar og når vi er ute og marsjerer. Det er forventa at det ikkje skal vere noko tull med oss, seier Filip.

Gunnar nikkar.

– Vi blir på ein måte førebilete.

Droppar bandet for å spele i korps

Og i tida rundt 17.mai er ansvaret ekstra stort. Søndag morgon marsjerer Ila og Bolteløkka skoles musikkorps oppover Karl Johan mot ein vinkande kongefamilie. Då bør rekkene vere beine, tonane reine og marsjen taktfast. Sidan Filip, Gunnar og Japee er for veteranar å rekne i korps-samanheng, må dei passe på at det ikkje blir noko tull.

– Så lenge eg har spelt, har eg aldri gjort noko anna enn å gå med korpset på 17.mai, seier Japee.
Han ser fram til dagen med ein litt nedtona forventning.

– Det er gøy å spele. Men det kjekkaste er å vere ferdig, seier han.

– Å sette seg på huk etter all marsjeringa, ler Filip. – Då knasar det i knea, legg han til.

Men for Japee burde ikkje deltakinga i årets 17.mai-tog vere sjølvsagt. Japee and the Funk Minority har fått ein spelejobb på nasjonaldagen som kræsjar med tidspunktet for toget.

– Vi får pengar for det, også, seier Japee.

– Men det eg måtte berre droppe det, seier han, og legg til som det mest sjølvsagte i verda:
– Eg skal jo spele i korps.