Framtida
Publisert
Oppdatert 14.09.2017 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette meiner Evelyn og Etho. Dei to unge kvinnene studerer i Stavanger, men lengtar heim til Uganda.
Evelyn Kitya (24) og Etho Sebbi (22) sit på kvar si seng. Dei er på hybelen sin i Stavanger. Det er svært varmt på rommet. På bordet står ei flaske med appelsinbrus. Studentane snakkar om heimlandet sitt.

Evelyn
Evelyn meiner at diskriminering kjem av mangel på kunnskap. Foto: Marianne Magnussen

Kjenner seg diskriminert

– Kva er den største kulturelle skilnaden mellom Noreg og Uganda?

– Folk frå Uganda er glade og opne, kjem det straks frå Evelyn.

– Og inkluderande og fulle av omsorg, seier Etho.

– Men vi viser også tydeleg om det er nokon vi ikkje likar, føyer ho til.

– Korleis?
– Med augene. Vi stirar oppover og nedover på personen, forklarer Etho.

Ho demonstrerer.

– Her i Noreg er det vanskeleg å forstå kva folk tenker om ein. Vi har møtt folk som smilar til oss, men etterpå klagar på oss til andre. Særleg i arbeidslivet, fortel Evelyn frustrert.

– Har de opplevd diskriminering her i landet på grunn av hudfargen?

– På jobb har vi det. Vi vaskar i eit firma. Det hender at dei som har bestilt vasking ikkje liker oss. Nokre klagar stadig på arbeidet vi gjer. Eller nektar å gje oss nøkkelen til kontora. Det jobbar folk frå ulike land i firmaet, men vi veit berre om afrikanarar som har opplevd slikt.

Etho snakkar fort på engelsk. Ho er sint i stemma.

– Kva gjer slike opplevingar  med dykk?
– Eg blir sjølvsagt såra, seier Etho. Ho fortel at dei hadde venta seg meir respekt i Noreg.
– Vi veit at vi er verdt like mykje som andre. Ikkje fordi vi har høg utdanning, men fordi vi er menneske. Dei som diskriminerer manglar kunnskap. Difor er det synd på dei, meiner Evelyn.

Stakkars kven?

– Kva trur de nordmenn tenker om afrikanarar?

– At vi kjem frå søppeldynga alle i saman. Eller bur i jordhytter. Nokre trur til og med at hjernen vår er mindre utvikla!

Det er Etho som snakkar. Ho ser oppgitt ut.

– Mange i heimlandet vårt bur i flotte bungaloar. Folk har lange og harde arbeidsdagar. Og studia våre er på høgt nivå. Sjølvsagt finst det tiggarar også. Men det gjer det jo overalt!

Etho
Etho er overraska over kor lite nordmenn veit om moderne afrikansk kultur.Foto: Marianne Magnussen

Evelyn hevar stemma og viftar med peikefingeren.

– Mange nordmenn synest synd på oss berre fordi vi kjem frå Afrika. Då veit dei ikkje kor mykje landa våre har utvikla seg sidan 1800-talet, seier Etho.

Ho fortel smilande at jamvel norske studentar manglar slik kunnskap. Dei har nemleg stilt henne spørsmål som ”Brukar de også skei når de et?” og ”Har de ris i Afrika?”.

– Stemmer oppfatningane betre når det gjeld landsbygdene i Afrika?

– Det er klart at det er skilnad i utviklinga på by og land, seier Evelyn.

Ho understrekar likevel at mange bønder i Afrika klarar seg bra.

– Heime kan dei ete frukt rett frå trea heile året. Dei har god jord, regn og fin temperatur.

Etho peikar på flaska med appelsinbrus.

– Vi synest synd på dykk som ikkje har fersk frukt. De brukar så mange kunstige stoff i maten. Og så har de eit dårleg klima.

– Har de vurdert å bli verande i Noreg etter utdanninga?

Etho tek seg eit glas appelsinbrus medan ho tenker.

– Eg har byrja å akseptere kulturen her. Det gjer det enklare. Og det er også positive ting i Noreg. Likevel vil eg tilbake når studia er ferdige.

Evelyn er einig:

– Eg er glad for dei venene eg har fått i Noreg. Men det viktigaste for meg er å kome heim att. Det er min største draum.