I desse valkamptider er det viktig at vi brukar røysteretten vår, skriv Richard Storevik.
Richard Storevik, klubbleiar Apply Leirvik
Richard Storevik, klubbleiar Apply Leirvik

Eg registrerer ein politisk debatt som ikkje tek for seg det eg meiner er den viktigaste saka dette valet handlar om, nemleg arbeidsliv. Eg ser at Høgre har ein kampanje med 10 gode grunnar til å røyste på dei, då har eg 13 gode grunnar til å bytte regjering.

1. Større arbeidsløyse og færre i arbeid

Regjeringa har skapt for få nye arbeidsplassar. Arbeidsløysa er i dag på 4,3 prosent mot 3,3 prosent hausten 2013. Trass i folketalsveksten er det i dag 10 000 færre menn i alderen 35–49 år i arbeid enn for 10 år sidan. Berre for denne gruppa treng vi 20 000 nye arbeidsplassar for å ha like stor del i arbeid som i 2008.

2. Kommersialisering av attføringsbransjen

Regjeringa vedtok etter mange åtvaringar å anbodsutsetja 12 000 tiltaksplassar for personar med nedsett arbeidsevne. Det gjaldt tiltaka Avklaring og Oppfølging. Effekten av dette er langt færre leverandørar og ingen nye ideelle leverandørar. Eitt selskap har vunne nærare ein fjerdedel av alle kontraktar innanfor oppfølging. Dette selskapet har som forretningsmodell der dei som oppfører tiltaket skal vera tilsette i eige enkeltmannsføretak, og ikkje hjå selskapet dei arbeider for.

3. Kutt i lønsgarantiordninga

Lønsgarantiordninga er ei sikkerheit for arbeidstakarar som mister arbeidet på grunn av konkurs m.m., og som skal dekka ikkje utbetalt løn før konkurs m.m. og i periode etter konkurs. Fram til 2015 kunne ein få utbetalt løn frå ordninga i inntil 6 månader etter konkurs m.m. Det borgarlege fleirtalet vedtok i 2014 å redusera perioden til 1 månad.

4. Kutt i arbeidsløysetrygda

Fram til 2014 var det opptening av feriepengar av dagpengar i form av ferietillegg i dagpengeordninga. Regjeringa føreslo å fjerna det heilt. Det borgarlege fleirtalet vedtok å skjerma det for ledige som hadde gått ledige i meir enn eitt år. Betyr inntil eit inntektstap på i overkant av 30 000 kroner (avhengig av inntektsgrunnlaget).

5. Må venta lenger for å få dagpengar

Arbeidstakarar som sjølve seier opp jobben og melder seg ledige («frivillig» ledige) måtte fram til 2015 venta 8 veker på å få dagpengar. Det borgarlege fleirtalet vedtok i 2015 å heva ventetida til 12 veker.

6. Skatt på sluttvederlag og avkorting i trygdeytingar

Det borgarlege fleirtalet vedtok i 2015 at sluttvederlag skal reknast som lønsinntekt og skattleggjast og inngå i inntektsgrunnlaget for berekning av ulike trygder som dagpengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Vederlaget blir gitt til eldre arbeidstakarar som ufrivillig fell ut av arbeidslivet på grunn av konkurs, innskrenkingar, sjukdom m.m. Vederlaget har vore skattefritt og utan samordning mot trygd sidan 1966. Sjå elles illustrasjon vedlagt.

7. Ville kutta i sjukepengane

Regjeringa fremja i 2015 forslag om å heva inntektsgrunnlaget for å få sjukepengar frå 44 000 kroner i året til 88 000 kroner ½ til 1 G), noko som ville ramma 100.000 deltidsarbeidande (statsbudsjettet for 2015). Regjeringa måtte etter kvart trekkja forslaget, fordi den forstod at det var i strid med IA-avtalen.

8. Auka skatt for pendlarar

I 2013 fekk arbeidstakarar trekkje frå i inntekta utgifter til arbeidsreise mellom heimstad og jobb av den delen av kostnaden (ein fast sats pr. kilometer) som oversteig 13 950 kroner. I 2015 var beløpet heva til 16 000 kroner og i 2015 vedtok det borgarlege fleirtalet å heva det til 22 000 kroner. Samtidig vedtok dei også å heva meirverdiavgifta på persontransport frå 8 til 10 prosent. Samla kan dette bety godt og vel 1 000 kroner meir i utgifter for pendlarar med lange arbeidsreiser.

9. Svekka fagforeiningsfrådrag

Frådraget har stått nominelt stille på 3 850 kroner sidan 2013. Det betyr at det år for år har blitt redusert relatert til lønsutviklinga, og har dermed fått redusert reell verdi.

10. Auka avgifter

Avgiftene er i denne stortingsperioden auka med netto nær 4 milliardar kroner, og av dette har ulike forbruksavgifter auka med om lag 8,8 milliardar kroner (nokre eingongsavgifter er reduserte). Elektrisitetsavgifta er til dømes heva fire gonger med i alt 3,5 øre pr. kilowattime og i tillegg kjem det moms oppå denne. Fleire har nok fått opp mot tusen kroner i auka straumpris på grunn av dette. Avgift på diesel vart for i år auka med 35 øre og bensin 15 øre, og her kjem moms oppå dette, samtidig som også skattefritaket for tenestereiser vart redusert.

11. Innført eit generell høve til midlertidige tilsetjingar m.m.

Stortingsfleirtalet vedtok etter forslag frå regjeringa å gjera store endringar i arbeidsmiljølova. Særleg gjaldt dette høve til å kunne tilsetja folk midlertidig på eit generelt grunnlag, og ikkje som før ved særskilde høve, jf. arbeidsmiljølova § 14.9. Samtidig vedtok dei å auka ramma for gjennomsnittsberekning av arbeidstid utan avtale med tillitsvald, å kunne avtala søn- og heilagdagsarbeid gjennom direkte avtale med den enkelte, å gje Arbeidstilsynet høve til å godkjenna arbeidstidsordningar som har større avvik frå hovudreglane i arbeidsmiljølova. Dette har redusert dei tillitsvalde og det organiserte arbeidslivet høve til å regulera arbeidstid på den enkelte bedrift.

12. Auka grenser for nattarbeid.

Etter forslag frå regjeringa med støtte frå NHO og med motstand frå arbeidstakarorganisasjonane vedtok stortingsfleirtalet tidlegare i år å auka grensa for nattarbeid frå klokka 21 til klokka 23.

13. Fjerna kollektiv søksmålsrett

Den raudgrøne regjeringa fekk vedtatt i 2013 ein kollektiv søksmålsrett der fagforeining kan reisa søksmål mot mistanke om ulovleg innleige. Den blåblå regjeringa fekk det borgarlege fleirtalet med å fjerna denne bestemminga i 2015.

Difor er oppfordringa klar: Bruk røysteretten dersom du er oppteken av eit seriøst arbeidsliv!

Først publisert på Sunnhordland.no.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE