For ei lukke! Du har møtt nokon.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «I Wish You Were Fun» av Sparks

I nesten femti år har brørne Ron og Russell Mael i Sparks gjort karriere med låtar om ting du ikkje visste du trong låtar om, frå å leve i skuggen av Morrissey i et parforhold («Lighten Up Morrissey») til sjølvkjære menn som druknar sorgene på bar og mimrar om tida då partnarens bryst var til deira gevinst, og ikkje babyens («Tits»). «I Wish You Were Fun» frå den splitter nye plata «Hippopotamus» er ikkje noko unntak.

In every other way I find you amazing but one
I wish you were fun

Låtas eg-person akkar seg over at kjærasten rett og slett ikkje er veldig morosam å vere med. Hugs at ho kjem frå ein repressiv stad der ingen verkeleg tør å utfalde seg, seier dei, noko som kan tyde på at ho kanskje er frå vestlandsområdet. Og kva vil han vel oppnå ved å ta det opp? Det kunne trass alt vore mykje verre.

It’s not helpful
Back off and accept what you have in hand
Glad that she’s no Ayn Rand
Humorless to the nth degree

Maren Fuchsia Celius-Blix er skribent i Morgenbladet og twitrar på @fuchsiablix. Foto: Privat

Alle artiklar om Sparks har som kjenneteikn at de alltid fortel deg korleis duoen, heilt frå byrjinga på slutten av 60-talet, ustanseleg har spankulert mellom sjangrar slik haustens fadderbarn vandrar frå vatnhol til vatnhol. «I Wish You Were Fun» har teke form av enkel og nesten provoserande fengande piano-pop, proppa opp av ei slik basslinje ein 13 år gammal bass-nybyrjar verkeleg kan triumfere med på skuleavslutninga. Og det funkar.

I wish you were fun
And maybe you’re fun in subtle ways too subtle for me
But maybe I’ll get it all one day

At albumet «Hippopotamus» er funklande nytt (utgitt 8. september), fører med seg at «I Wish You Were Fun» dessverre ikkje er å finne i noko spenstig videoformat på YouTube. Som trøyst finst heldigvis den like nye singelen (og kan hende platas aller beste låt) «Missionary Position» – om å vere fan av, vel, misjonærstillinga – i henrivande akustisk utgåve frå ein nyleg session i Paste Studios, New York.

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«I wish you were fun»

Av: Sparks (USA)

Album: Hippopotamus (BMG Records, 2017)

 

Teksten er omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide.