«Book of Mormon»-prøver i gang på Det Norske Teatret

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var opprømt stemning då 20 skodespelarar, ti musikarar og alle som jobbar bak scenen møttest for første gong i kjellaren på nynorskteateret.

Prøvene er nesten som ein første skuledag. Det er mange nye namn, mange har ikkje jobba saman før. Det heile startar med ein presentasjonsrunde rundt bordet, men læringskurva er bratt. Etter berre ti minutt er skodespelarane i gang både med replikkar og dei første songnummera.

– Ein komisk skatt
Hovudrollene som dei to mormonane Price og Cunningham vert spelte av eit av dei mest kjende namna i norsk teater – Frank Kjosås – og den heilt ukjente Kristoffer Olsen.

– Eg fekk sjokk første gong eg høyrde han. Han er så bra, seier Vidar Magnussen, som kallar Olsen for «ein komisk skatt» som det er moro endeleg å få vist fram.

31-åringen frå Porsgrunn er utdanna ved teaterskulen i Guildford og har budd i London sidan 2009. Han landa nesten rolla som Cunningham i oppsetjinga på West End i London.

– Eg trur eg var inne til audition nærmare ti gonger, men eg fekk til slutt beskjed om at eg var for høg til rolla, seier Olsen, som har visst i eitt år at han skulle spele sin første hovudrolla på ei norsk scene.

– Klart eg er spent no. Det blir moro å komme i gang, seier Kristoffer Olsen og helsar muntert på sine nye kollegaer før prøvene tar til.

«Book of Mormon» er storsatsinga på Det Norske Teatret i haust.

– Dette har vi gledd oss lenge til, sa teatersjef Erik Ulfsby då han sparka i gang prøvene tysdag formiddag.

Seks timar i kø
Den satiriske musikalen om religion har i fleire år trekt fulle hus både i New York og London. Musikalen har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med.

Book of Mormon handlar om to unge mormonar som får tildelt ein plass der dei skal spreie ordet. Price, som vert spelte av Frank Kjosås, har ønskt seg Orlando i Florida. Det blir Uganda. Møtet blir mildt sagt eit kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp.

– Musikalen sparkar i alle retningar på ein sjeldan sjarmerande måte. Det er noko genialt over han, ein blir glad i karakterane, seier Vidar Magnussen, som sjølv stod seks timar i kø i 2012 for å sikre seg billettar til musikalen på Broadway. Han har også sett musikalen i London.

Den kjente komikaren og skodespelaren får sin regidebut på Det Norske Teatret med den prislønte suksessmusikalen.

– Eg har to urolege smilenetter bak meg, og gler meg sinnssjukt til å komme i gang. Eg er audmjuk overfor oppgåva, men eg har så bra folk rundt meg her på Det Norske Teatret, at eg trur dette skal gå bra, seier Magnussen til NTB.

Den norske versjonen er omsett av Are Kalvø, og noregspremieren er laurdag 2. september. Det er allereie førehandsselt rundt 17.000 billettar.

LES OGSÅ: Kva hadde skjedd om Romeo og Julie møttest på Tinder?


Faktaboks

«The Book of Mormon» er ein musikal skriven av Trey Parker, Matt Stone og Robert Lopez.

Musikalen hadde premiere på Broadway i New York i 2011. Har vunne ein rekke priser, blant anna Tony-prisen for beste musikal og Olivier-prisen for beste nye musikal.

Noregspremiere på Det Norske Teatrets hovudscene 2. september.

Regissør Vidar Magnussen, omsett av Are Kalvø.

I hovudrollene Frank Kjosås og Kristoffer Olsen.