– Det var ein djup og emosjonell film

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først på trykk i Bømlonytt.

Tilbodet til ungdomsskuleelevane er nytt av året.

Filmen som tiandeklassingane var inviterte til å sjå handlar om den unge kvinna Mirja. Ho slepp ut av fengsel og ønskjer å byrje eit nytt liv. Denne gongen skal ho høyre på mor si, få seg ein jobb og bryte med fortida. Den gamle gjengen hennar har venta på ho, og dei likar dårleg at Mirja vil ta farvel med draumen dei hadde saman. Filmen syner korleis Mirja ønskjer å setja eit tydeleg skilje mellom den personen ho var før, og den personen ho meiner ho er no. Det er ein kamp kvar dag for å halde fortida på avstand.

Prislønt film

I filmomtalen heiter det at dette er ein forfriskande og morosam film om unge vaksne kvinner. Kven blir det forventa at ein skal vera, og kven vil ein vera? Heime, i vennegjengen og i samfunnet utanfor? Vennskap, lojalitet og klasse er viktige tema i denne filmen. Regissør Rodja Sekersös gjorde sin spelefilmdebut med «Dröm vidare».

Filmen fekk gode kritikkar i Sverige. Filmmeldar Miranda Sigander skriv på nettstaden metro.se at Evin Ahmad i hovudrolla som Mirja gjer ein strålande prestasjon i filmen: «Starkast lyser Evin Ahmad i huvudrollen. Kameran älskar henne och vi i publiken likaså. Hon blir en stark och bräcklig underdoghjältinna att heja på». Filmen fekk publikumsprisen i samband med Göteborg filmfestival. Filmen har også fått Svenska kyrkans filmpris for 2017.

Møtte skodespelar og produsent

Etter å ha sett filmen onsdag føremiddag fekk tiandeklassingane møte hovudrolleinnehavar Ahmad og produsent Annika Hellström. Ungdomane fekk stille spørsmål til Ahmad, både om det å vera skodespelar og om korleis det var å spele i «Dröm vidare».

Produsent Hellström fortalde at heile produksjonen av filmen tok tre-fire år. Sjølve filminga tok om lag sju veker. Det vart filma om lag tre veker i Stockholm og fire veker i Luleå. Hellström sa at dei var godt nøgde både med resultatet, dei gode kritikkane og prisane filmen hadde fått.

Filmdebut som 15-åring

27 år gamle Ahmad fortalde om seg sjølv at ho gjekk på audition til sin første film, «Ett öga rött», som 15-åring. Då ho fekk rolla og starta si filmkarriere var ho ikkje eldre enn elevane som sat i salen.

Ho har sidan utdanna seg til skodespelar og spelt i fire spelefilmar og fleire kortfilmar, før ho altså fekk hovudrolla i «Dröm vidare». Ho spelte mellom anna rolla som Sara i «Beck – sjukhusmorden» (2015), og ho speler i «Vilken jävla cirkus» (2017) som har premiere i Sverige i oktober i år. Der speler ho mellom andre mot Tomas von Brömssen.

Film om kvinner

Ahmad sa til dei som sat i salen at det var kjekt å spele ung kvinne i ein film der nesten alle skodespelarane var unge kvinner. Ho peikte på at dette var ein film utan sexscener eller kjærleiksscener. Etter at filmen kom ut var det likevel fleire som tolka filmen slik at karakterane Sarah og Mirja hadde eit lesbisk forhold. Ahmad sa at det var ei interessant tolking.

– Men dette handlar nok mest om at kinopublikum ikkje er vant med filmar som handlar om kvinnelege relasjonar som dette, sa Ahmad.

Gode spørsmål

Skodespelaren spurde det unge kinopublikumet om dei tykte Mirja hadde gjort rett val i filmen. Det tykte dei. Sidan svarte skodespelaren på spørsmål frå salen. Adrian Hovland Våge (14) spurde om jobben som skodespelar i filmen var godt betalt. Sidan dette var ein film med lågt budsjett kunne Ahmad avkrefte dette.

Det var rolla som Mirja og manuset som frista Ahmad til å ta denne rolla. Ho la til at ho var stor fan av den norske serien «Skam». Ho vart spurd om korleis ho budde seg til rolla, og ho svarte at ho las manus grundig og sette seg inn i karakteren ho skulle spele, og kjenslene hennar.

– Det har vore moro, men krevjande. Mirja er høgt oppe når ho kjem ut av fengsel, og så går det berre nedover og nedover.

Kjekt møte

Ahmad og Hellström skulle vidare til ei anna skuleframsyning på Stord. Før avreise gir dei uttrykk for at det har vore kjekt å komme til Bømlo for å treffe ungdom, snakke om filmen og høyre kva dei tykkjer.

– Dette var eit kjempefint møte. Eg tenkjer tilbake på då eg sjølv var på deira alder. Dette er den første framsyninga for ungdomsskuleelevar eg har vore på, seier Ahmad. Hellström opplyser at det blir arbeidd med ein ny film med kvinner i hovudrollene,

God film

Adrian Hovland Våge (14) og Runar Steinsbø Fylkesnes (15) går begge i tiandeklasse på Bremnes ungdomsskule. Dei tykte det var ein god film.

– Det var ein djup og emosjonell film, meiner Adrian. Runar er samd.

– Me fekk medkjensle med Mirja. Me fekk oppleve smerta hennar og kjensla av å bli svikta. Me fekk medkjensle med ho, seier han.

– Korleis var det å møte skodespelaren og produsenten?

– Det var veldig kjekt å treffa dei som har laga filmen og kunne spørje dei om erfaringane deira. Det er fint at dei ville komme hit til Bømlo. Kjekt å sjå film og kjekt med ein annleis skuledag.

– Det var sikkert stas for dei også, legg Adrian til.

Les meir på bomlo-nytt.no