Lærarar utan godkjent utdanning står for meir av undervisninga

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærarar som manglar godkjent utdanning, stod for 4,5 prosent av undervisingstimane i grunnskulen sist skuleår. I det førre skuleåret var delen fire prosent, skriv Dagens Næringsliv.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det også var ein liten auke frå året før.

Av dei drygt 67.000 tilsette i skulen har 5,9 prosent mangelfull kompetanse. Den delen har auka frå 5,3 prosent i førre skoleår. Finnmark og Nordland har flest lærarar med manglar i den formelle utdanninga, mens Hordaland og Vest-Agder har færrast.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er ikkje fornøgd med situasjonen.

– «Gullstandarden» i norsk skule må vere lærarar med kompetansen i orden og som sjølv har fått undervisning i faga dei skal lære bort. Vi har varsla tiltak for å få kommunane til å arbeide aktivt med rekruttering, seier Høgre-statsråden.

Han seier han ikkje veit kvifor delen lærarar med hol i den formelle kompetansen aukar.

– Det høyrest falskt ut når regjeringa stadig seier den satsar på auka kompetanse samtidig som det blir fleire utan den rette utdanninga i skulen, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.