Framtida
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vonar at filmen kan inspirere publikum til å ta draumane sine på alvor, at karakterane si manglande evne til å endre seg kan skremme folk til sjølv å ta grep, seier den noko opprørske regissøren Eva Sørhaug.

Ho er i Bergen i samband med promoteringa av debutspelefilmen hennar Lønsj og vil sjå hav og fisk. Vi går langs med kaia og måkene dannar ei passande ramme om praten. I filmen hennar er fuglane hyppig til stades som kontinuerlige domedagsvarslar, utan at filmkarakterane ser til å bry seg.

– Med eit unntak tykkjer alle så synd på seg sjølv at det vert hemmande, noko som ikkje er særleg sympatisk. At dei er einsame er vel det einaste forsonande trekket dei har. Einsemda er deira felles lodd, og er nok det som står i vegen for at dei ikkje kjem seg vidare, ikkje klarer å endre seg, fortel Sørhaug.

Regissøren har filmutdanninga si frå San Francisco og har frå før av laga fleire kortfilmar. Ho har dessutan vore involvert i underhaldningsserien Hotell Cæsar. Samarbeidet med manusforfattar Per Schreiner (Den brysomme mannen) har vart i fleire år, og sjølv om Sørhaug såg for seg ein liten spelefilmdebut, kunne ho ikkje sei nei til Lønsj.

– Manuset trefte meg midt i magen. Eg kjende meg att i karakteranes steving og såg umiddelbart for meg korleis historia kunne sjå ut, fortel Sørhaug.

Utypiske karakterar

Lønsj er ingen beskjeden debut. Sørhaug har fått med seg eit knippe av dei flinkaste skodespelarane i Noreg, som i denne filmen spelar nye roller. Sørhaug trur dette  er årsaka til at alle stilte opp.

– Eg trur det var frigjerande for skodespelarane å gjere roller som bryt med det dei pleier å spele, og eg vonar at publikum opplever at dei får sjå noko heilt nytt med Lønsj, jamvel om dei fleste fjesa er kjende frå før.

Lønsj er eit etterkvart typisk, norsk samtidsdrama, som fortel fleire historier som delvis vert fletta inn i kvarandre. Handlinga er lagt til Oslo Vest, men ingen av karakterane er stereotypiar av vellukka vestkantingar. Her møter du blant anna ein ung homofil mann (Aksel Hennie) som ikkje har pengar til husleiga og slit gjennom heile filmen med å finne sytten hundre kroner, Leni ( Ane Dahl Torp) som har budd med far sin heile livet og knapt har vore utanfor døra, men må så klare seg sjølv da faren døyr. Ei ung vakker kvinne (Pia Tjelta) lever saman med ein voldeleg mann (Kyrre Sydness), medan Herr Kieldal (Bjørn Floberg) lever i lag med sin multihandikappa kone (Anneke von der Lippe) som heller ikkje er særleg grei med han. Med unntak av Leni, som har levd isolert frå verda og klarer seg godt mot alle odds, har alle karakterane hamna i situasjonar dei ikkje taklar særleg bra.

I Lønsj vekslar karakterane på å vere overgripar og offer, og når ein vert utnytta, finn dei snarleg ein å la eigne frustrasjonar gå ut over. Sjølv Heidi (Tjelta), som vert mishandla av sin mann, er ifølge Sørhaug  ikkje berre uskuldig.

– Ho kunne jo gått frå han, men gjer det ikkje. Eg trur Heidi er litt forelska i si eiga offerrolle, seier regissøren.

Ei meir realistisk filmforteljing

Sørhaug har hatt som målsetnad å konsekvent gjere det motsette av kva ein kunne ha forventa av ein film. Ho har ikkje berre gitt dei kjende skodespelarane nye roller, men kvar gong ho såg konturane av ein klisjé eller noko anna kjend, prøvde ho å gjere motsett.

Difor har blant anna Lønsj ingen lukkeleg slutt, faktisk ikkje noko markant avslutning ein gong, og publikum får ikkje svar på korleis det går med dei involverte.

– Ein open slutt gjer filmen meir realistisk, meir slik det er i det verkelege livet. Samstundes har det vært eit mål å irritere publikum litt, ikkje gje dei kva dei vil ha.

Lønsj er ikkje nokon utprega optimistisk film, og regissøren trur ikkje det går karakterane særleg vel. Å leve innan komfortsona blir lettare enn å prøve å få det betre, og livsløgna er  deira felles trøyst. Men finst det ikkje håp for nokre av dei?

– Karakteren Leni klarer seg jo bra, sjølv om ho kanskje har dei vanskelegaste føresetnadene. Ho har færre ideal å leve opp til og meir realistiske mål. Om ho ikkje representerer håpet, er ho kanskje eit uttrykk for mi eiga tru på framskrittet: Om ein arbeider jamt og trutt, går da det meste framover, seier regissør Eva Sørhaug som no har gått seg svolten og er klar for å ete lunsj.

Fakta

Eva Sørhaug (1971) norsk filmregissør, busett i Oslo
Utdanna i San Francisco og Stockholm. Har laga ei rekkje kort- og reklamefilmar.

Lønsj:
Regi: Eva Sørhaug
Manus: Per Schreiner
Skodespelarar: Aksel Hennie, Pia Tjelta, Ane Dahl Torp, Bjørn Floberg, Nicolai Cleve Broch, Ingar Helge Gimle, Kyrre Sydness, Anneke von der Lippe, Jan Gunnar Røise, Birgitte V. Svendsen
Musikk: Bugge Wesseltoft