Vil ikkje reversere den nye vestlandsregionen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skriv Bergens Tidende.

Førstekandidat for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, har tidlegare sagt at dei to fylka vil fortsette som eigne fylke, med døra på gløtt, dersom Ap kjem til makta. Dette avviser no partileiar Støre.

LES OGSÅ: Valet kan bli avgjort på Vestlandet

– Nei, då meiner eg det vedtaket må stå, svarte Støre på spørsmålet frå BT-journalisten om det var mogleg å opne for omkamp trass i at begge fylkestinga har vedtatt samanslåing.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), er glad for at Støre ikkje vil reversere vedtaka.

– Det er kjempeviktig at Støre no går inn og velsignar samanslåinga som er gjort, og at han ikkje ser behov for omkamp, seier ho til BT.

 LES OGSÅ: Vestlandsregionen blir “Vestlandet”