Valet kan bli avgjort på Vestlandet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om Venstre hamnar over sperregrensa etter valet i haust er framleis usikkert. Kampen kan bli avgjort i fjordarmane i vest, der nestleiar i Venstre Terje Breivik kjempar for å halde plassen frå Hordaland, skriv Nationen.

I ei fylkesmåling, gjennomført av InFact 20. juli, fekk Venstre berre 2,3 prosent oppslutning. Blir dette resultatet, er Terje Breivik ute av Stortinget. Då spøkar det òg for sperregrensa. Og ei vidare borgarleg regjering.

– Det som er sikkert, er at om Venstre ikkje er over sperregrensa, så blir det ikkje borgarleg fleirtal. Eg har nokre gonger spøkt med at sjølv Erna burde stemme Venstre i år. Det ligg noko i det. Ønskjer ein at Noreg framleis skal ha borgarleg regjering, må vi sikre oppslutning, seier fylkesleiar Idun Bortne i Hordaland Venstre til Nationen.

Meiningsmålingane sprikjer veldig: I den nyaste målinga frå Bergens Tidende, publisert 30. juni, har partiet ei oppslutning på 5,5 prosent. Fell dei ned med ein halv prosent, ryk stortingsplassen. Det er svakare oppslutning enn ved førre stortingsval, men Hordaland Venstre er likevel relativt populært. Populære nok til å trekke Venstre nasjonalt opp mot sperregrensenivået på 4,0 prosent ifølgje Poll of polls, ein nettstad som samanliknar og presenterer meiningsmålingar frå heile landet.

– Hordaland og Bergen er historisk sett eit veldig viktig Venstre-fylke. Det har sjølvsagt samanheng med at det er eit kunnskaps- og kremmarfylke. Det viser seg òg at valresultatet i fylket er viktig på landsbasis. I 2013 hadde vi ein oppslutning i Bergen på 6,9 prosent, seier stortingskandidat Breivik til Nationen.