Det er sumar, det er sol og det er svartmetall

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «Battles in the North» av Immortal

Tredjeplata til den norske svartmetallgruppa Immortal, Battles in the North frå 1995, opnar rett på med tittelsporet. Her er det ingen introar, ingen gradvis oppbygging av låten eller anna fiksfakseri. Med det same du set på plata, slår musikken mot deg som ein snøstorm av diskantgitarar, doble basstrommer og cymbalar. Det er som å opna ei dør mot Arktis. Og difor har nett denne songen vorte sumarsongen min. På same vis som at kalde haust- og vinterkveldar krev noko varm og lun musikk, krev varme sumardagar Immortal. «Battles in the North» er som eit friskt pust som får meg i godt humør.

Arild Torvund Olsen er rådgjevar ved Nynorsksenteret.

Men det har ikkje alltid vore slik. I 1995, då denne plata kom ut, hadde eg ikkje fått augo opp for gledene med maskingeværtromming og gitarar som høyrest ut som sinte kvefsar. I staden føretrekte eg musikk med mørke, nedstemde gitarar og seigt rytmisk driv. Og då ein kompis spelte meg litt Immortal på bussen – eg trur det var frå ein halvdårleg opptakskassett – fekk eg lite ut av det. Alt eg høyrde i øyrepluggane var skrangling og diskantskurr, og eg avskreiv der og då Immortal og konkluderte med at den her musikken var det ingen grunn til å oppsøkja. Og slik heldt eg fram med å tenkja i eit par år, heilt til den dagen då den alt nemnde kompisen fekk lokka meg med på Immortal-konsert i Bergen.

Å sjå og høyra Immortal spela denne musikken frå ei scene var ei heilt anna oppleving enn skurringa i dårlege øyrepluggar på bussen, for å seia det mildt. Eg vart heilt fjetra av energien, samspelet og dei gode låtane, og etter konserten var eg hekta og ville høyra meir. I bilen på veg heim att gjorde eg difor straks avtale med kameraten min om å få låna Immortal-platene hans.

Platene vart lånte og spelte gjennom, og for meg var det altso særleg tredjeplata, Battles in the North, som gjorde inntrykk. Etter å ha vent meg til det ikkje akkurat publikumsvenlege lydbiletet, kunne eg kosa meg med ei plate med godbitar og klassikarar som «Blashyrk (Mighty Ravendark)» og det alt nemnde tittelsporet – ei av dei mest energiske og frostbitne innspelingane som nokon gong er laga.

Slik vart altso «Battles in the North» sumarlåten min. Eg skal ikkje påstå at alle mine næraste set like stor pris på valet, men det får so vera. Det er sumar, det er sol og det er Immortal.

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[a]framtida.no!