Framtida
Publisert
Oppdatert 28.08.2017 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiaren i Senterungdomen i Hordaland starta som politikar for berre eit par år sidan. Ho markerte seg fort. I 2006 vart ho også valt inn som 3. vara for sentralstyret.

 Foto: June Witsøe/TV3

Foto: June Witsøe/TV3

Ingrid Janne Sæberg kjem frå gard i Omvikdalen. Det er ingen kva som helst gard ho kjem frå. Kanskje høyrer det med til gardslivet dette med modell. Staskua på garden vart stilt ut i missekonkurranse, og Lollipop vart kåra til Miss Kvinnherad 2005. Tidlegare same året vart Ingrid Janne kåra til «Model of the Year Bergen 2005».

Mest kjend vart ho for å stå som undertøysmodell i eit butikkvindauga i Bergen på kvinnedagen i 2005. Kvinnegruppa Ottar kom på banen og protesterte på slik framferd 8. mars. Ingrid Janne vart kasta ut i eit mediekøyr med nasjonalpressa på plass.

– Eg forsvarar også i dag det eg gjorde, seier Ingrid Janne Sæberg eit år etter.

Viljesterk
– Som politikar og modell må eg vera litt sterk. Eg kan ikkje ta meg nær av ting som vert sagt av folk rundt meg. Det kan verta ei problem, seier Ingrid Janne. I vinter var ho ein av 21 heldige som var utplukka til Top Model. Sjefen for modellbyrået hennar oppfordra Ingrid Janne å søkja. Først møtte ho dei 20 andre til opptak i Oslo. Der vart dei testa på mange sider med det å vera modell.

– Det gjeld personlegdom, utstråling og utsjånad, seier ho.

Ho var så heldig å vera blant dei no som gjekk vidare til finalen i Milano i Italia.

Moro i Milano
– Milano var eit stor mål for meg. Det er draumen for ein kvar modell å reisa til Milano som er ein kjempestor moteby, seier Ingrid Janne. Der vart ho fotografert av nokon av dei mest kjende modellfotografane, noko som er vel verd å ha med seg vidare.

Foto: June Witsøe/TV3

Foto: June Witsøe/TV3

– Det var moro å vera der. Milano var ein ny situasjon, smiler Ingrid Janne. Ho måtte kasta seg rett ut i det. Ho skulle fotograferast i ein bikini i eit basseng med tomatar. Bergenstudenten sit att med opplevingar ho ikkje hadde rekna med å få med seg.

Påkledingsdokke
– Det var litt vankeleg å slappa av, seier ho. Men det vart mykje lått på settet. Det er ikkje kvar dag ho vert sminka opp og pynta av sminkør, som i Milano.

– Eg lærte mykje om meg sjølv, smiler 21-åringen. Ho fekk meirsmak på modellyrket.

– Eg har absolutt lyst til å jobba meir som modell, seier ho. Etter første opptak i Milano, måtte ho seia farvel. Ho kom ikkje lenger. Likevel er ho glad for opplevinga.

Hol på fordomar
Ingrid Janne er stolt over å slå hol på fordommar om politikarar i Senterpartiet. Ho trur nok at modellyrket dreg både opp og ned hennar politiske karriere. Men ho har tru på at ho har att for å vera så allsidig.

– Eg har innblikk i eit miljø som få politikarar har innblikk i, seier ho. Ho ser også føre seg at modellyrket gir ho verdifull medietrening. Ho får styrkt sjølvtilliten. Intelligente Ingrid Janne har med dette avliva myten om modellar som nikkedokker som ikkje klarar å tenkje sjølv.

– Modellmiljøet er meir reflektert med intelligente jenter. Folk trur vi speiler oss heile dagen. Eg har lyst å visa at det ikkje berre er idiotar som er modellar, seier ho. Ho seier at på opptak til Top Modell har ho blitt kjend med jenter med mange hobbyar. Ei les Villanden, ei anna strikar, og jentene snakkar saman.

– Det vert eit skjerf og to ut av dette, ler ho. Ansvarleg for fjernsynsprogrammet Top Model, Ida Linchhausen seier Ingrid Janne har ein spennande bakgrunn.

– Ho er tøff nok til å gå inn i politikken og slåss mot Ottar. Det er ei festleg jente, seier Ida Linchhausen. Eksamen Førebels er modellivet berre ein liten del av livet til Ingrid Janne. I vår konsentrerer ho seg om heilt andre oppgåver. Eksamen ved Universitetet i Bergen nærmar seg med stormskritt.

– Korleis går det å kombinere studiar, politikk og modell?

– Så lite som eg har lese, går det ikkje, seier Ingrid Janne. Men ho prøvar å få lest til eksamen. Ho går andre året administrasjon og organisasjon. Det er ein del av statsvitenskap. Til hausten har ho eitt år att av bachelorgraden.

LES OGSÅ: Senterungdommen vaks mest i fjor