Alle ungdomspartia vaks i 2015, bortsett frå FpU, KrFU og Unge Høgre.

Tora Hope/Svein Olav Langåker
Tora Hope/Svein Olav Langåker
Faktaboks

Medlemar:

AUF: 14136 (+70)

FpU: 2028 (-314)

GU: 658 (+137)

KrFU: 1298 (-60)

RU: 503 (+103)

SpU: 2044 (+392)

SU: 979 (+157)

UV: 1581 (+30)

UH: 4262 (-185)

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida.no har bede ungdomspartia sende inn tal på kor mange medlemar dei har ved byrjinga av 2016.

Tala gjeld personar som har betalt kontingent i 2015 og i 2014, uavhengig av alder. Det totale medlemstalet til partia kan difor vere høgare enn dei som er oppgitt i denne artikkelen.

Gjennomgangen syner at Senterungdommen vaks mest ifjor, med heile 392 nye betalande medlemar.

Nedgang for FpU og KrFU
KrFU og FpU er dei einaste ungdomspartia som rapporterer om nedgang i medlemstala i 2015. Det var 314 færre FpU-medlemar som betalte kontigent i høve til 2014, ein nedgang på 13 prosent.

Generalsekretær André Bråthen skriv i ein epost til Framtida.no at medlemane dei har er meir aktive enn før.

LES OGSÅ: Bli med på dilemmasport!

– Vi er veldig nøgde med at FpU har ein vekst i tal på aktive medlemmar. Vi har auka talet på lokallag i 2015, fått endå fleire tillitsvalde og ser at fleire medlemmar møter opp på arrangement. Det er veldig gledeleg.

Han skriv i eposten at partiet har fått 1500 nye medlemar i 2015, men at ein del av desse ikkje har betalt medlemskontigenten enno. FpU hadde 2028 betalande medlemar ved utgangen av 2015, mot 2342 medlemar ved utgangen av 2014.

KrFU hadde ein liten nedgang i tal på medlemmar som betalar kontigent, frå 1358 personar i 2014 til 1298 i 2015. Det er altså 60 færre medlemmar, eller ein nedgang på 4,5 prosent.

Fleire senterungdommar
Senterungdommen fekk derimot fleire medlemar. Ved nyttår var 2044 personar betalande medlemar av Senterungdommen. På same tidspunkt året før, hadde 1652 betalt kontigent i ungdomspartiet.

392 personar utgjer ein oppgang på 24prosent frå året før.

– No har vi hatt kraftig medlemsvekst dei siste to åra. Det tyder på at fleire ungdommar støttar Senterpartiets politikk og vi er glade for at dei ønskjer å verte ein del av senterungdomslaget vårt, seier leiar Erling Laugsand i ein epost.

Sosialistisk Ungdom feirar vekst
Også Sosialistisk Ungdom ved leiar Nicholas Wilkinson er nøgd. Dei rapporterer ein vekst på 19 prosent i 2015.

– Vi har feira på kontoret! Mange vil ta kampen for eit varmt samfunn der vi sikrar trygge arbeidsrettar, løyser klimakrisa og bekjemper kroppspress. Gjennom året har medlemsvekst enn auka og auka, og vi får framleis inn store mengder nye medlemmar, skriv Wilkinson til Framtida.no.

I 2015 betalte 979 medlemar kontingent i SU, mot 822 i 2014. Det er ein skilnad på 157 medlemar.

LES OGSÅ: Krev at staten betalar for mensen

Unge Venstre fekk 30 nye medlemmar
I Unge Venstre var det endelege medlemstalet 1581 medlemar for 2015. Det er ein oppgang på 30 personar frå 2014, eller ein vekst på nær 2 prosent.

– Eg trur mange unge deler våre idear om fridom og grøn vekst og er einige med oss i at det er trong for meir tilpassa opplæring i skulen og ein meir ambisiøs klimapolitikk. I tillegg trur eg at mange unge er opptekne av dei liberale verdisakene som personvern, ny ruspolitikk og kamp mot fattigdom. Dette er saker unge i større grad enn eldre møter i kvardagen og tør å tenkje nytt rundt, skriv leiar Tord Hustveit i ein epost til Framtida.no.

Fleire raude ungdommar
Ved nyttår i 2016 hadde Raud Ungdom 503 betalande medlemar, mot 400 ifjor. Det var med andre ord 103 personar som melde seg inn i partiet i 2015. Det er ein oppgang på nær 26 prosent.

– Vi i Raud Ungdom er no tilbake på det nivået vi hadde i 2011, noko som er veldig bra. Vi ser fram til å verve endå fleire i 2016 og verte ein større organisasjon, skriv generalsekretær Anja Ariel Tørnes Brekke til Framtida.no.

Grøn Ungdom vaks meir enn AUF
Ved utgangen av 2014 hadde Grøn Ungdom 521 betalande medlemar, mot 658 ved slutten av 2015. Dei fekk altså 137 nye medlemar i fjor – ein vekst på 21 prosent.

Det er fleire enn AUF, som ved utgangen av 2014 hadde 14. 066 medlemar, og ved utgangen av 2015 hadde partiet 14. 136 medlemar. Dei fekk altså 70 nye medlemma i fjor, eller ein vekst på 0,5 prosent.

Generalsekretær i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe, opplyser at 4. 447 personar betala kontigent i 2014, mot 4262 i 2015. Partiet såg altså ein nedgang på 185 medlemar.

LES OGSÅ: Rekordvekst for ungdomsparti

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE