Han har vore langt nede, men på dagar som denne har han verdas beste jobb

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

Sogndal: Platar i børsta aluminium blir monterte på veggen. Dei dekkar frå golv til tak og måler til saman nesten 30 meter. Eit 360 graders panoramabilete tatt frå Skriki i Sogndal skal pryde gangane på den nybygde delen av den vidaregåande skulen.

– Når du står midt i rommet så kan du førestille deg at du står på fjellet, seier fotograf Thomas Morel.

Ungar frå heimbygda Feios har fungert som modellar, nokon spelar musikk, andre ligg i eit telt og les lekser, ein står i lyngen med alpinski og speidar etter den perfekte linja ned att, medan ein annan står med svømmeføtter og svømmebriller og hoppar i ein plastbalje.

– Det er slike ting som eg likar. Ting som «makes no sense».

PANORAMA: Står du midt i rommet får du kjensla av å stå midt på fjellet. Biletet er teke med eit 360 graders utsyn frå Skriki i Sogndal.
PANORAMA: Står du midt i rommet får du kjensla av å stå midt på fjellet. Biletet er teke med eit 360 graders utsyn frå Skriki i Sogndal.

 

NRK lagar dokumentar om livet bak linsa

Morel er ambassadør for kameraprodusenten Hasselblad, han har teke ei rekke reklamejobbar og lista over plassane kunstverka hans heng er etterkvart blitt lang: frå Vik og Myrkdalen, til København og Oslo, Bergen og Tromsø. Men livet som fotograf er langt frå glamorøst.

– Det har vore ein lang veg hit. Det har ikkje akkurat kome av seg sjølv, seier Morel.

I over tre år har han blitt følgt av eit kamerateam frå NRK. Skuleprosjektet er det siste dei har filma. Dokumentaren kjem truleg til hausten og handlar om både oppturane og nedturane.

– Slike dagar som dette er heilt fantastiske, då har eg verdas beste jobb. Men nittini prosent av dei andre dagane er ikkje slik, seier Morel.

Usikkerheit rundt økonomien er ei dagleg påkjenning. I periodar blir det altfor mykje jobbing. Slikt tek på, men krava han stiller til seg sjølv er kanskje det som gneg mest.

– Når eg er ferdig med noko så er feila det einaste eg ser. Det har eg kanskje blitt flinkare til no, men det har gjort at eg har køyrt meg litt for hardt, til tider, seier Morel.

FARGERIKT: I tillegg til panoramafotoet utgjer dette kunstverket ein del av utsmykkinga.

FARGERIKT: I tillegg til panoramafotoet utgjer dette kunstverket ein del av utsmykkinga.

Glad for full friheit

Han seier han har blitt flinkare, men heller ikkje panoramafotoet han nettopp har montert kjem unna den kritiske lupa. Feiosfotografen påpeiker ei rekkje feil, som få andre han han sjølv kan sjå, og ergrar seg over at han ikkje veit kva som gjekk gale.

– Eg er ganske streng med meg sjølv og det er ikkje alltid like lett. Då er det akkurat i slike augneblikk eg berre må stoppe opp og seie til meg sjølv at «dette er noko eg kan vere stolt over». Men det kostar meg mykje berre å seie det, seier Morel.

Han er glad for å ha fått nær full friheit av Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er oppdragsgjevaren. I staden for individuelle bilete tente dei på tanken om å late kunstverket dekke frå vegg til tak.

– Det er kjekt å bli utfordra til å gjere noko med eit rom, at det faktisk blir ein del av bygget, i staden for noko du heng på veggen, seier Morel.

Før han legg ei setning som sikkert sit langt inne:

– Når du ser resultatet, så er det utruleg kjekt.