Risiko for meir barnefattigdom i Noreg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hensikta er å sette søkelyset ikkje berre på allereie eksisterande fattigdom, men også på risikoen for at den skal auke. Det er snakk om ei ganske stor gruppe barn som er i faresona, seier fagansvarleg Ivar Stokkereit i UNICEF til NTB.

Barnefattigdommen i Noreg har allereie auka og er tre gonger så høg som i 2001, viser tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. UNICEF har analysert risikofaktorar som yrkestilknyting, sosialhjelp, uførepensjon, avhengige av stønad, eineforsørgarar og vedvarande låg inntekt – og rangert kommunane.

LES OGSÅ: Eitt av ti norske barn lever i fattigdom

Ivar Stokkerelt, UNICEF. Foto: UNICEF

– Det er ikkje slik at ein auka risiko betyr at veldig mange slit med dårleg råd, men det er indikatorar som viser at kommunane bør ha merksemd rundt dette. Det er viktig å komme inn tidleg, seier Stokkereit.

Han trekkjer fram at fritidstilbod må vere tilgjengelege for alle og at ein forhindrar fråfall i skulen.

Blant kommunane er det åtte som hamnar heilt på botn i rangeringa, som er med tal frå 2015. Alle desse ligg allereie over gjennomsnittet i landet for registrert barnefattigdom og har altså høgast risiko for auke. Fire av desse kommunane ligg i Hedmark, tre i Troms og den siste i Telemark.

– Det er ikkje alltid så lett å seie kva som er årsaka til at desse skal vere meir utsett. Det sentrale spørsmålet er om dei er klar over risikoen og kva dei gjer for å førebyggje barnefattigdom, seier Stokkereit.

Han er opptatt av vaksinasjon – altså førebygging, i tillegg til medisinering.

– Det vil koste mykje å styrke breitt alle tenestene, skule, nav, helsetenester, barnehage. Men det er ei investering som vil lønne seg på sikt, desse innbyggjarane vil ha det betre og den samfunnsøkonomiske fortenesta er stor, seier Stokkereit.

LES OGSÅ: Krev auka barnetrygd for å hindre fattigdom