– Eg blir glad kvar gong eg vaknar og veit at eg er i Noreg, seier Karla Paz, som for tida studerer i Tromsø. Den unge meksikanske kvinna har forelska seg i Ola Nordmann.

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KarlaKarla Magali Paz (24) entrar kantina på universitetet i Tromsø med eit varmt smil til mange norske medstudentar ho har blitt kjent med gjennom to år i det såkalla ”Nordens Paris”. På fakultetet for medisin og helse held ho på med å fullføre mastergraden sin i molekylær bioteknologi. Denne vart starta i Trondheim for fem år sidan, då ho tok til med å studere i Noreg. Karla hentar seg ein stor kopp med te i kantina, og glir ned på ein ledig benk.

– Korleis er det å vere meksikansk student i Noreg?

Tjuefireåringen smilar breitt.
-Som ein draum!, kjem det på tydeleg norsk, men med spansk stakkato-aksent.
-Landet er veldig eksotisk, med snø og fjell. Eg blir glad kvar gong eg vaknar og veit eg er i Noreg, på grunn av naturen –men aller mest på grunn av folket.

– Opplever du at nordmenn ser på deg som merkeleg?

– Tja…
Ho dreg på det.
– Det reknar eg med, men eg er så dårleg til å legge merke til slike ting, seier ho avslappa.
Dei norske venene mine har dessutan sagt at dei likar meg nettopp av di eg er annleis. Eg er meir spontan, og mindre redd for å snakke med framande.

Men Karla tykkjer ikkje at Ola Nordmann er sosialt tilbakeståande:

– Meksikanarar er som avokadoar; me har mjukt skal, men er harde inni. Med andre ord er me lette å bli kjent med på overflata, men så stoppar det gjerne der. Nordmenn, derimot, er som kokosnøtter. Når ein fyrst har kome gjennom det harde skalet, har ein fått ein ven for livet.

Forelska– Kva synest du om den lange vinteren og mørketida i Tromsø?

– Mørketida er veldig lang, men også veldig koseleg. Eg har merka at folk blir meir varme og har meir lyst å gå på besøk når det er mørkt ute.

Studenten ler høgt idet ho fortel at omgrepet ”å kose seg” ikkje finst i Mexico.

– Når me er sosiale, prøver me å få ut mest mogleg energi, men de kjem i lag for å slappe av.

Karla nyter vårsola som kjem inn gjennom dei store vindauga i kantina, og drikk sakte av den varme teen.

– Her har eg lært å kose meg.

Ja, eg elskar dette landet

– Kva oppfatning har du av nordmenn?

– De er ærlege, pålitelege og de respekterer andre sine kjensler, seier ho med stor innleving.

– Men de ser det ikkje sjølve, legg ho til.

Karla tykkjer det er viktig at det norske folket ser sine eigne positive sider, og vernar om dei. Ho trur mange unge har amerikansk kultur som førebilete, og at det er ein trussel mot det norske særpreget.

– Norsk humor er intellektuell og ironisk. Den var vanskeleg å forstå i byrjinga, men no synest eg den er svært artig. Slikt må de ta vare på!

– Kva er mest utfordrande når du har med nordmenn å gjere?

– De er ofte redd for å bli kjent med utlendingar som ikkje er vestlege. Det er rett og slett rasisme, seier ho alvorleg.

– Men eg tåler det, for eg er forelska i det norske folket, legg ho til med eit smil.

Karla meiner at rasismen slår ut begge vegar; at det også finst utlendingar her i landet som unngår nordmenn og norsk kultur.

– Det forstår eg ikkje. Eg kunne budd her sjølv om det var verdas fattigaste land. Folket og kulturen er det viktigaste for meg.

Lite kontakt

– Kva trur du norske studentar kan lære av deg?

– At utlendingar ikkje er så skumle. Mange er faktisk veldig glade i dei.
Mastergradsstudenten legg til at ho meiner norske studentar treng meir tru, både på seg sjølve og på Gud.

– I Mexico stolar dei fleste studentar på Jesus, og snakkar opent om trua si på universitetet. Slik hjelper og oppmuntrar dei kvarandre. Utan Gud kan det å vere student opplevast veldig einsamt. Det har eg prøvd sjølv.

– Trur du det kjem fleire meksikanske studentar hit etter kvart?

– Nei. Det er ikkje mange der som har høyrt om landet dykkar. Dei fleste tenker ikkje på at det går an å studere her ein gong.

Tjuefireåringen er likevel ikkje heilt åleine. Tre andre meksikanarar studerer også i Tromsø for tida, sjølv om mange nasjonalitetar er representert mykje sterkare på det internasjonale universitetet.

– Men dei utanlandske og norske studentane blandar seg vanlegvis ikkje, seier ho med frustrasjon i stemma.

Karla Paz trur at meir kontakt hadde vore gunstig for alle partar. Sjølv er ho svært glad for at ho har blitt kjent med folket og kulturen i Noreg, og ynskjer ikkje å reise frå landet.

– Her har eg funne heimen min, og her vil eg bli.