No brakar det laus: Målrock-sjefen trur på stor stemning

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.

Festivalsjef Thomas Norheim Moen i Målrock har ikkje oversikt over kor mange billettar dei har selt, men forventar opp mot to tusen personar kvar kveld.

– Då er det bra med liv, seier Moen.

I Meieriparken på Årdalstangen blir det kjent opplegg, med ei blanding av gamle legender som Manfred Mann-gitarist Chris Thompson og TNT, etablerte artistar som «ring meg»-Gabrielle, «Big Bang»-Greni, «Kaizers»-Janove og Thomas «falsett» Dybdahl, stigande stjerner som Hjerteslag og Dagny og lokale heltar som Verdsmannen Thorbjørnsen, MAS og Strupetakarane.

Festivalsjefen har sjølv sett fleire av artistane i aksjon i sommar og kan love til tider spektakulære show og gjennomgåande høg musikalsk kvalitet.

På laurdag føremiddag har dei valt ei litt anna retning enn tidlegare. Til den faste konserten Under Skåri har dei booka inn Lothepus, skytebasen som vart realitystjerne, men som no reiser rundt med fullt band og blir slakta av kritikarar landet rundt.

– Det er eit dristig val, innrømmer festivalsjefen.

Likevel har han tru på at valet er rett, ikkje minst fordi dei vil greie å trekke eit litt anna publikum til gards enn dei har gjort tidlegare.

– Eg har til og med fått førespurnader frå folk som aldri har vore i Skåri, som ikkje veit kvar det er enn gong. Og dei kjem frå Årdal. Eg har tru på at det kjem til å bli eit bra show der oppe, seier Moen, med trykk på «show».

Les meir på Porten.no