21-åringen frå Ulstein gir æra til familien og kjærasten.
NPK-NTB
NPK-NTB
Fakta
  • Karsten Warholm (fødd 28. februar 1996) er ein norsk friidrettsutøvar frå Gardshol i Ulstein.
  • Warholm vann 400 meter hekk under VM i London 9. august 2017.
  • Han er første norske mannlege verdsmeister i ei løpsøving og yngste verdsmeister i 400 meter hekk nokon sinne.
  • I juni i år sette Warholm ny norsk rekord i både 400 meter og i 400 meter hekk.
  • Kjelde: Wikipedia
LES FAKTALUKK FAKTA

Sigerskyss av kjærasten Oda Djupvik var noko av det som venta gullvinnaren på champagnefesten etter gulløpet i London. I tillegg vanka det sjølvsagt etterlengta klemmar frå både mamma Kristine Haddal og pappa Mikal Warholm.

Friidrettspresident Ketil Tømmernes inviterte til fest på Hilton Canary Wharf etter at alt det obligatoriske var unnagjort på Olympiastadion, og der var det mange som venta på den sylferske verdsmeisteren. I tillegg til kjæraste og nær familie var det fleire friidrettsentusiastar frå heimbygda Ulsteinvik på plass.

Sebastian Coe, friidrettspresident i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) var også der med eit ølglas i handa, og det same var Noregs siste friidrettsverdsmeister, Andreas Thorkildsen. Det er åtte år sidan han tok sitt VM-gull.

– Dette er ein av dei største augneblinkane i norsk friidrettshistorie, sa friidrettspresident Ketil Tømmernes, den tidlegare sportssjefen i same forbund på 2000-talet, før han gav champagneflaska til gullvinnaren frå Ulsteinvik.

– Dette var kjekt, konstaterte hovudpersonen sjølv då han spretta champagnen og tok ein velfortent slurk.

Æra

Det var tydeleg at Warholm sette pris på at dei aller nærmaste hadde tatt turen. Han spurde pent om han fekk lov til å helse på dei etter å ha snakka med eit samla norsk pressekorps.

– Mykje av æra går til familien og kjærasten min. Det ligg mykje arbeid bak, og familien er nøydd til å vere fleksibel for at det skal gå. Kjærasten min bur jo i Ulsteinvik, og ho har ikkje sett så mykje av meg, så er det er ei tolmodig dame. Absolutt, sa Warholm om jenta frå Hareid.

Karsten Warholm i aksjon under Bislett Games 2015. Foto: Chell Hill / CC BY-SA

Sjølv eit par timar etter løpet hadde det enno nesten ikkje gått opp for han at han faktisk hadde tatt VM-gull.

– Nei, og det er ikkje kødd ein gong. Det høyrest ut som ein klisjé når nokon seier det, men det er så vanskeleg å oppfatte det på ein måte. Det er ufatteleg kult.

Bobla

Snart kan verdsmeisteren senke skuldrene. Bortsett frå kjærasten er det ikkje mange han har snakka med det siste døgnet. Vi snakkar om Leif Olav Alnes og Amalie Iuel i teamet, toppidrettssjef Håvard Tjørhom, fysioterapeuten og legen.

– Eg går veldig inn i bobla i dei siste dagane. Det er eit «must» i slike meisterskap. Eg merkar at eg ikkje har sånn veldig lyst til å snakke med så mange andre akkurat då. Men no er det greitt. No kan eg sleppe opp. No er jobben gjort, og det er heilt fantastisk.

– Kva skal du gjere no?

– Alnes har ikkje drukke cola på to år, og eg gler meg til å sjå det. Og eg gav han ein smarttelefon etter OL i Rio som han lovd å ta i bruk før jul, men han har ikkje begynt å bruke den enno. No kjem eg til å køyre knallhardt, og eg møter ikkje på trening før han har tatt den i bruk. Ein har lyst til å feire, men det er viktig å hugse at det er litt igjen av sesongen. Eg må ta ei lita vurdering. Colaen var ein del av fleire veddemål. Det er gimmickar som er med på å halde det i gang.

– Korleis blir det å høyre «Ja, vi elskar» i morgon?

– Det blir sjukt. Eg gler meg. Eg er veldig spent på om eg får sove i natt. Det er mange inntrykk.

Oppdatert: fredag 11. august 2017 09.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE