Farmor Kristine: – Karsten skal få vaflar når han kjem heim
Stolte besteforeldre til den unge gullvinnaren frå Ulstein.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Vikebladet.
Dei sat på fremste rad i kultursalen på Sjøborg i Ulsteinvik; farmor Kristine og farfar Erling Warholm. Då barnebarnet Karsten tok plass i startblokka, tok dei to hendene til kvarandre.
Hendene slapp taket litt uti løpet: dei måtte klappe Karsten fram til verdsmeistertittelen.
– Det er heilt ufatteleg, eg veit ikkje kva eg skal seie, sa Erling Warholm rett etter løpet.
– Eg trudde ikkje det vart gull, men eg hadde håpt på ein medalje, sa Kristine Warholm.
Ho fortel at Karsten er glad i vaflar og at han skal få det når han kjem heim.
– Guten er ein skikkeleg vinnarskalle, seier Erling.
Etter løpet gav han blomster til Arve Hatløy og takka han for mangeårig innsats for å trene Karsten.