Raudt offentleggjer alle skjulte Facebook-annonsar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Facebook er ei skitten slagmark når det gjeld openheit. Ein kan skjule kven ein rettar annonsar mot. Og reklame kan få verke ei veke før motstandaren får med seg kritikken. Dersom ein treffer riktig med målrettinga, ser ikkje motstandaren innhaldet i annonsen, seier pressesekretær Iver Aastebøl i Raudt til Dagens Næringsliv.

Pressesekretær Iver Aastebøl meiner alle parti burde gjere som Raudt og publisere skjulte Facebook-annonser. Foto: Raudt

I valkampen nyttar parti seg av moglegheita til å kjøpe annonsar på det sosiale mediet og tilpasse bodskapen til ulike målgrupper. Dersom dette blir gjort riktig, er det berre dei utvalde målgruppene som ser annonsane. Dei er med andre ord ikkje synlege dersom ein besøkjer dei offisielle Facebook-sidene til partia.

– Føresetnaden for ein fungerande demokratisk samtale er jo at den du snakkar drit om, les og kan svare. Dersom ikkje, har du det perfekte ekkokammer, seier Aastebøl til avisa.

Han meiner at alle parti bør påleggjast å publisere dei skjulte annonsane dei sender ut via Facebook.

Ifølgje avisa har verken Frp, Ap, Sp eller KrF planar om å opprette eit annonseregister, men MDG, Høgre og Venstre er opne for ideen.