Desse fire søskena laga melodi til 55 år gamalt dikt

Slik rørte Andreas (22), Malene (20), Morten (16) og Emilie (10) Skjellevik Bjørsvik besteforeldra til tårer. Høyr låten her!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

– Eg og Malene ville laga ei overrasking til bursdagen til bestemor og bestefar i fjor. Vi ville gjera ei innspeling av eit dikt oldefar hadde skrive. Planen var å setja den på under feiringa utan at nokon visste om det på førehand, fortel Andreas.

For å klara å halda overraskinga skjult, vart det mange seine kveldar og netter med arbeid i veka før bursdagen. Og det var verd det – den originale bursdagsgåva vart godt motteken.

– Det blei masse tårer, seier Morten.

– Dei vart ganske rørte. Mange kom bort og snakka med oss etterpå, til og med slekt vi ikkje eigentleg kjenner, legg Malene til.

Spelt inn i eige studio

Det var ein kjenning av bestefaren til søskenflokken som meinte diktet «Sumarfarga» av Mikal Skjellevik burde hatt ein melodi. Han visste at Andreas, oldebarnet til forfattaren, driv med musikk, og spurte i 2013 om han ville laga noko.

– Eg laga ein enkel melodi på gitaren utan å gjera noko meir utav det, fortel Andreas.

Så vart prosjektet lagt på is, fram til bursdagsoverraskinga i fjor. Sidan har Andreas jobba vidare med songen.

Songen er spelt inn i Andreas sitt eige studio på garasjeloftet. Andreas spelar instrumenta – gitar, bass, trommer og piano – og både han og Malene syng hovudvokal. Mot slutten av songen kjem Emilie og Morten inn og korar.

– Men du høyrer ikkje alltid meg og Morten så godt, for eg har veldig lik stemme som Malene, og Morten har lik stemme som Andreas, forklarar Emilie.

Det er ingen tvil om at søskena liknar kvarandre – både stemmer og av utsjånad.

No, nesten eitt år etter den første innspelinga, er CD-en klar.

– Den kom frå trykken no for eit par veker sidan, smiler Andreas.

Ein hyllest til Tysnes

Skjellevik-sida av familien til dei fire søskena er frå Tysnes. Diktet «Sumarfarga» frå 1962 er ein hyllest til heimstaden. Mikal Skjellevik reiste mykje til sjøs, og diktet vart skrive på ei av reisene hans.

– Det var når han var vekkreist han skjønte kor mykje han sette pris på Tysnes, fortel Malene.

– Diktet er utruleg fint skrive, sjølv om den gamaldagse nynorsken kan vera litt vanskeleg å forstå, meiner Andreas.

Besteforeldra til dei unge musikarane bur enno på Tysnes, og søskena reiser mykje dit om somrane og i feriar.

Musikalske søsken

Den samansveisa søskenflokken har alltid vore musikkinteresserte. Emilie spelar piano og syng i kor, og Morten har tidlegare spelt gitar. Både Malene og Andreas gjekk musikklinje på vidaregåande, Andreas med gitar som hovudinstrument, Malene på piano.

Andreas er den som har drive mest seriøst med musikk. Etter vidaregåande gjekk han to år på folkehøgskule i musikkproduksjon, der han fekk mykje studiokunnskapar. I fjor haust gav han ut sin første EP.

Andreas studerer no nautikk i Haugesund, men driv framleis mykje med musikk.

– Eg har nyleg starta å spela i eit band i Haugesund. Planen er å driva så mykje som mogleg med musikk på fritida. Eg har begynt på nokre nye låtar, så får vi sjå korleis det går, seier Andreas.

Heimelaga gåver

Innspelinga av «Sumarfarga» er det andre prosjektet dei fire søskena har gjort saman i studioet til Andreas. Til jul spelte dei inn «Can’t help falling in love» av Elvis Presley til foreldra i julegåve.

– Det er kjekt å gjera noko i lag. Og så er det kjekt, og ikkje minst økonomisk, å gi heimelaga gåver, ler Malene.

– Då vi var små fekk dei teikningar og ting vi hadde perla, no får dei musikk.

Høyr låten her:

Les meir på Kvinnheringen.no