Maria (21) er årets nykommar i komikar-Norge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er årets humortalent

Ho er med i Underhaldningsredaksjonen i Bergen Student TV, Standup Bergen, Bergen Impro  Battle og Humorlaboratioret – men det er på Facebook Piateed tar av. I skrivande stund har Maria Stavang 38 732 følgjarar på den sosiale nettstaden. Kvar måndag legg ho ut ein ny video om eit nytt tema, og videoane brukar å få så mange som 100 000 sjåarar.

– Å vere komikar er jo tradisjonelt det å stå standup på ei scene. Men nokre komikarar nyttar no sosiale medium for å nå ut til endå fleire, og å lage humor på ein annan måte. 300 sjåarar på Facebook er lite, men ved ein scene er det jo veldig mange, seier Stavang.

LES OGSÅ: Humoristar med sjølvhjelpsbok for å snakka mindre

Blir kalla eit forbilde
Maria regisserer og redigerer alt sjølv. Videoane handlar om både samfunnsaktuelle tema og typiske kvardagssituasjonar.

– Eg får idear frå ting eg ser rundt meg. Til dømes såg eg ei jente som åt ein bolle etter å ha mista han på bakken. Då fekk eg ideen til å prate om den tåpelege tre-sekund-regelen. Sjølvsagt blir ikkje maten mindre skitten av å ha lege kortare tid på bakken!

På grunn av sin sjølvironi og ærlege humor, har mange unge kalla Piateed eit forbilde. Det fekk henne til å lage ein video om bloggarar sin påverknad på unge jenters sjølvbilde.

– Dagens unge nyttar fem timar dagleg på sosiale medium. Eg synest det er trist når jenter spør vennene sine om å like bildet deira på Instagram, fordi dei berre har 20 likes. Bloggarane må vite litt om kva ansvar dei har som offentlege personar, seier Stavang med meir alvor i stemma.

Saka held fram under videoen:

Kvinner som tek prisar
Tidlegare i år vann Maria Stavang prisen for Årets nykommar på Humorfest i Bergen. Prisen er berre gjeven ut i tre år, og dei to siste åra har han gått til kvinner. I fjor vann trondheimskomikar Mariell Køste (26) på landets største standupfestival.

– Eg synst det er heilt fantastisk at kvinner har vunne to år på rad. «Årets nykommar» er ein veldig fin tittel å ha. Eg var dessverre ikkje til stades då Maria vann i år, men tviler ikkje på at det vart vel fortent. Ho er så sinnsjukt rå! Norge kan berre gle seg til å høyre meir frå henne, seier Mariell Køste. (Foto: Kristina Søgnebotten Lang-Ree)

– Korleis er det å vere kvinne i komikarmiljøet?

– Eg skal ikkje lyge og seie at det aldri har oppstått situasjonar kor eg har følt meg forskjellsbehandla som kvinne, og eg har kanskje blitt litt meir feministisk med åra. Men det skal verkeleg seiast at dei aller fleste komikarar i miljøet er veldig støttande. Særleg gøy er det når erfarne komikarar, som Christer Torjussen, tar seg tid til å gje tips til dei som kanskje ikkje har halde på så lenge.

Stavang har ikkje opplevd negativitet knytt til det å vere kvinneleg komikar i eit elles mannsdominert miljø.

– Komikarmiljøet i Bergen består av veldig kule, ålreite folk. Og det er mange bra komikarkvinner der ute, som Cecilie Næss og Trine Lise Olsen.  Eg vil gjerne vere morosam utanom å vere jente, seier ho.

LES OGSÅ: Kvinner som elskar morosame menn

Komikar på Facebook
Det er rundt tre år sidan Maria Stavang starta med humor på video. Det byrja med YouTube, der ho fekk 13 000 abonnentar. Etter at ho blei ferdig på revylinja ved folkehøgskulen, tok ho ein pause. I februar starta Piateed opp att – denne gong på Facebook.

– Mange kjem bort til meg og berre: «Du er ho der på Facebook.» Rett før eg møtte deg no, kom det ein fyr og sa det til meg.

Og Facebook er jo der dei unge er. Blant Piateed sine følgarar er 70 prosent mellom 13 og 25 år, og heile 83 prosent er jenter.

– Eg saknar fleire jenter på scena. På revylinja var det meg og 15 gutar.

– Kva er det som er så gøy med å vere komikar?

– Når du høyrer den første latteren i salen – då får du eit kick. Det er det beste i verda å føle at ein får det til. Eg ønskjer å kunne leve av humor, avsluttar Piateed.

LES OGSÅ: Etterlyser humor i ungdomsbøker

Faktaboks

Fun facts om Piateed:

– Jobbar i barnehage ved sidan av standup. Er som regel å sjå på Ricks, og kan bli booka for standup-oppdrag.

– Bur heime, men hevdar sjølv at «mamma er min største fan».

– Damer ho likar: Skodespelar Ulrikke Falch, Komikar Sisteplass (Sarah Surland) og bloggar Linnéa Myhre

– Namnet Piateed blei til ved at ho gløymde passordet til PC-en. Kalla seg eigentleg Piatid, om måtte endre til teed. Pia har ho blitt kalla av faren. Ifølgje Maria blir namnet altså: «tid med meg».