Heimbygda til grandisen, Stranda i Møre og Romsdal, skal arrangere pizzameisterskap.
NPK
NPK

Det er Stranda sentrumsforeining som inviterer til pizzameisterskapen. Dei har med seg FoodTech som arrangør, skriv Sunnmøringen.

FoodTech har tidlegare arrangert noregsmeisterskap i pizzabaking.

– Dei nølte ikkje då dei vart spurt om dei ville halde ein liknande konkurranse i sjølvaste pizzabygda, skriv Stranda sentrumsforeining på Facebook.

Dei opplyser at tevlinga er open for alle, og at det kan vere opp til tre deltakarar per lag.

Det er laga sjølve som stiller med topping til pizzaen, medan Orkla Foods Norge leverer pizzabotnar. I invitasjonen kan ein lese at Grilstad Stranda vil stille med eit utval av produkta sine, men at det er valfritt om ein vil bruke desse.

– Er oppskrifta god nok, så kan det vere at Orkla vel å lansere den i sortimentet sitt, opplyser sentrumsforeininga.

Tevlinga går av stabelen 2. september.

Oppdatert: tysdag 8. august 2017 10.18
ANNONSE