Desse russejentene har funne ein ny måte å samla inn pengar til russetida på

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Russetid er dyrt, i alle fall om ein skal ha russebil. For å sleppa å berre måtta bla opp frå eiga lomme, vil russegjengen «La vida loca» frå Kvinnherad vidaregåande skule stella i stand loppemarknad.

– Alle har noko dei vil bli kvitt, så dette er jo ein vinn-vinn-situasjon, seier Madel Holmedal Gjerding.

Det er Madel saman med Oda Gertz, Zumilana Eldi, Ester Djuvstad, Vilde Teigen, Henriette Aakre Skarveland og Madel Borgen som utgjer «La vida loca».

Ikkje meir dopapir

– Mange sel dopapir eller liknande, men familiane våre har gitt klar beskjed om at dei ikkje vil ha meir av sånt, ler Madel.

– Så då vart det loppemarknad i staden, legg Oda til.

Jentene har vore med på mange dugnadar allereie, og har selt syltetøy med god forteneste. Dei har fått inn rundt 30.000 kroner til russetida, men vil samla endå meir. Forsikring, logo, kle og inventar til bilen er dyrt, og til meir dei får inn, til finare kan dei gjera det.

– Så vi tek imot alt folk ikkje vil ha, så lenge det framleis er brukbart, seier Zumilana.

– Eg har sjølv samla fleire posar med kle som er heilt fine, men som eg ikkje bruker lenger, fortel Madel.

Greatest ever

Loppemarknaden skal gå føre seg i gymsalen på Sunde skule. Laurdag 19. august tek dei imot lopper, og søndag 20. august brakar det laus. Det vert også kiosk, med sal av kaffi og kaker.

– Med litt hjelp frå kvinnheringar som vil bli kvitt ting dei ikkje bruker, satsar me på å laga den største og flottaste loppemarknaden i Kvinnherad nokon gong, smiler jentene.

Les meir på Kvinnheringen.no