Berre to dødsulykker med elbilar

Det har berre vore to dødsulykker med elbilar på norske vegar. Forskarar meiner elbilistar køyrer meir økonomisk og dermed tryggare.

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.04.2018 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dei intervjua vi har gjort, finn vi fleire som seier dei har endra køyrestil og køyrer mykje meir forsiktig etter at dei begynte å køyre elbil, seier professor Marianne Ryghaug ved NTNU til Teknisk Ukeblad.

Ho har forska på haldningar og åtferda til elbilistar og er ikkje overraska over at det berre har vore to dødsulykker med elbilar på norske vegar. Ryghaug meiner at folk er meir aktsame med ny teknologi og at dei køyrer meir forsiktig når bilen går stillare.

Elbilar er underrepresentert i ulykkesstatistikken og står for rundt 7,5 promille av alle ulykkene med personskade og 1,7 promille av alle dødsulykker.