Halvparten av norske barn ønskjer å vere oftare ute i naturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 05.08.2017 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tala viser at barn er opptatt av langt fleire ting enn mobil og pc. Naturopplevingar er faktisk tiltrekkande for både store og små. Sutring over mangel på internett-dekning går som regel over innan det første døgnet før barn deretter finn andre ting å aktivisere seg med. Barn har behov for å leike, oppleve og få heile merksemda til foreldra, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv Lasse Heimdal som synest det er gledeleg at 46 prosent av dei spurde ønsker å vere oftare ute i naturen.

I undersøkinga, som er gjennomført på vegner av Norsk Friluftsliv, ser det ut til at godt selskap er det som vil få barna oftare ut i naturen.

Seks av ti svarer at dei ville dratt ut oftare om vennane var med, og fem av ti svarer at dei ville vore meir ute i naturen viss dei fekk selskap av foreldre og familie.

– Vi ser også at barn faktisk ikkje har noko imot litt masing om å bli med og komme seg ut. Altfor mange foreldre gir seg for fort når dei skal få med barna ut, kanskje fordi dei sjølv kvir seg viss det er litt grått eller regn i lufta. Natur gir barn utfordringar og opplevingar dei ofte ikkje får i kvardagen. Det barna hugsar i vaksen alder er ikkje avstanden, men opplevinga, og at dei fekk gode opplevingar med foreldra sine, seier Lasse Heimdal.

Heimdal meiner foreldra må ta meir ansvar for å få barna med ut i naturen, og at det ofte er dei som er ansvarlege for at barna blir sittande inne i kvardagen.

– Barn vil ut og vere i aktivitet, men tida deira er i stor grad vaksenstyrt. Det er derfor viktig at dei vaksne gir barna moglegheita til å vere aktive ute, og skaper gode opplevingar i naturen, seier han.